Furuheim (Bykle gnr 15/53)

Furuheim i Nedre Sarv i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1976, tomta vart då selt frå Bykle kommune til dei som bygde og slo seg ned her. Dei flutte inn i 1977, og bur her framleis.

  • Jon Torfinn Haugen, f 1935
Furuheim
Gjerden 57d.jpg
Furuheim 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1977
Utskilt: 1976
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 53
Type: Bustadeigedom
g 1961 m Solveig Moen, f 1938. Born:
  • Jens Gunnar, f 1961, driv tømrarfirma, g 1992 m Ingebjørg E. Hovet, f 1967, busett Rysstad, jfr Valle II, 163
  • Torfinn, f 1962, driv tømrarfirma, busett Hovden, sjå Tuftevegen 12
  • Sigbjørn, f 1965, tømrar, busett Hovden, sjå Tuftevegen 12
  • Solfrid, f 1966, g m Sverre Nesheim, busett Edland
  • Steinar, f 1974, gbr, sb m Brigitte Olsen, sjå Ørnefjødd
  • Henny Irene, f 1976, gbr. g m Per Terje Vik, busett Matre, Rosendal
  • Linda, f 1983, tannlækjarsekretær, sb m Odd Breivegen, busett Hovden, sjå Jernvegen 2-4-6-8, bnr 648

Jon Torfinn Haugen og familien hans kom til Bykle frå Hol i Hallingdal i 1967. Han er frå Hol, og foreldra hans heitte Jens og Borghild Haugen. Solveig Haugen vaks opp på Osterøy. Namna åt foreldra hennes er Gunnar og Signe Moen.

Jon har vore fjelloppsynsmann, Solveig har vore reinhaldsarbeidar.


0941 Bykle komm.png Furuheim (Bykle gnr 15/53) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Ampersbu • Neste bolk: Otratun