Gjerstad prestegjeld

Gjerstad prestegjeld i Aust-Agder var eit av prestegjelda i Aust-Nedenes prosti. Det besto opphavleg av hovudsoknet Gjerstad sokn og annekssokna Vegårshei, Søndeled og Risør. I 1742 blei Risør prestegjeld oppretta, og i 1745 blei Søndeled sokn overført dit.

Gjerstad kyrkje var hovudkyrkja i prestegjeldet.
Foto: C. Christensen Thomhav

Ved avviklinga av prestegjelda i 2000-åra besto Gjerstad framleis av dei to sokna Gjerstad og Vegårshei, og var då i utstrekning identisk med kommunane Gjerstad og Vegårshei.

Sokneprestar

Lista har så langt ingen opplysningar frå katolsk tid, og har heller ikkje med dei seinaste sokneprestane i Gjerstad.

Litteratur / kjelder