Grip kyrkje
Grip kyrkje (trad. uttale Gripkjerkjå ["gɾi:pˌçerʰçɔ.], dativ Gripkjerkjånn ["gɾi:pˌçerʰçɔɲ.]), ofte omtala som Grip stavkyrkje, er ei stavkyrkje på fiskeværet Grip i Kristiansund kommune på Nordmøre. Kyrkja, som ligg på det høgste punktet på Grip, kring 8 meter over havet, er ei enkel stavkyrkje av møretypen og er datert til kring 1470. Fram til kommunesamanslåinga med Kristiansund kommune i 1964 sokna kyrkja til Kvernes prestegjeld. I 1967 vart ho annekskyrkje til Kirklandet.
Grip kyrkje | |
---|---|
Foto: | mb.21 |
Endringar: | 1621 1870-åra 1933 |
Kyrkjegard: | ved Bremsnes kyrkje |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kyrkja |
Bispedøme: | Møre |
Prosti: | Ytre Nordmøre |
Prestegjeld: | Kristiansund |
Fellesråd: | Kristiansund |
Sokn: | Kirkelandet |
Teknikk: | stavverk |
Materiale: | tre |
Altartavle: | Triptych frå Utrecht, 1515 |
Sitteplassar: | ca. 80 |
Koordinater: 63°13′11.06″ N 7°35′38.11″ Ø
Kyrkja vart ombygd i 1621 og i 1870-åra, og i 1933 fikk kyrkja sementfundament og ny utvendig bordkleding. Kyrkja er kjent for altarskåpet sitt, ein triptych frå Utrecht i Nederland frå ca. 1515 med sentralskulptur av jomfru Maria, og med Heilag-Olav og Margareta av Antiokia i fløyene.
På grunn av manglande jordsmonn på Grip var det ikkje kyrkjegard der, og alle gravferder gikk over ope hav til kyrkjegarden ved Bremsnes kyrkje.
Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.