Grusgropa på Bjorli

Grusgropa på Bjorli er eit større område på Bøvermoen nokre hundre meter søraust for Bjorli stasjonRaumabanen. Dette var hovudgrustaket for jernbaneanlegget, og her vart det teke ut store mengder grus både under utbygginga og under vedlikehald seinare. Det vart lagt eit sidespor ut i området som grusvognene vart køyrd på. Skiftinga av grustoga gjekk føre seg på stasjonen.

Grusgropa på Bjorli.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).

Vognene vart så fylt med handmakt, med skufle eller spade. Kvar mann skulle laste opp to grusvogner a 7,5 kbm i døgnet. «Vart varmen for utåleleg i brennande solsteik, tok somme akkorden sin om kvelden eller natta».

Litteratur

Koordinater: 62.24816° N 8.21666° Ø