Hellegård (Jostedalen)

Hellegård (Luster, gnr. 207) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Haugen og i vest mot Kruna. Heimane under Hellegård sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Hellegård
Heljegarden.JPG
Heljegarden og Helletun (kvit stove), mot vest med Bergsetbreen i bakgrunnen
Alt. namn: Heljegarden
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 207

Den gamle stabburet frå Hellegård står på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Bruk

I Krundalen:

  • Bnr. 1 Hellegård - det opphavlege bruket
  • Bnr. 4 Helletun - fråskild 18.6.1909 frå bnr. 1

Gjerde:

  • Bnr. 3 Gjerde - dei tre husmannsplassane her vart fråskilde 16.-18.1.1901 frå bnr. 1
  • Bnr. 5 Elvheim - fråskild 25.11.1940 frå bnr. 3
  • Bnr. 6 Kvile (Gjerdekvile) - fråskild 10.10.1945 frå bnr. 3
  • Bnr. 24 Haugåsen - byggjefeltet på Gjerde, fråskild 24.8.1981 frå bnr. 4

Tomter er ikkje tekne med. Det er ei rekkje tomter med bruksnummer under matrikkelgarden sidan heile byggjefeltet i Haugåsen høyrer til her.

Husmannsplassar

Alle dei tre husmannsplassane under Hellegård låg på Gjerde. Dei låg under bnr. 1 fram til 1901, deretter under bnr. 3 Gjerde:

  • Gjerde 1 - rydda kring 1712, nedlagd 1952 då yngste sonen til dei siste plassfolka flytte stovehuset til Kvile (bnr. 6)
  • Gjerde 2 - rydda kring 1799, nedlagd 1918
  • Gjerde 3 - rydda kring 1850, fråskild 1901 frå bnr. 1 saman dei to andre husmannsplassane

Kjelder og litteratur


Koordinater: 61°37′59″ N 7°14′29″ Ø