Husmenn på Stuberg

Husmenn på Stuberg tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Stuberg i Fedje kommune.

1. Magdeli Hansd f. 1735 Husa (gnr 168 bnr 7-7c) g. 1760 m. em. Nils Nilsen f. 1732 Dyrneset, Austrheim (jf Austrheimb. III s 230 og 323, son av Nils Hansen f. 1708, og bror til Ola Nilsen Moldøyna gnr 170 bnr 5-11). Første kona hans var Ingeborg Jensdtr f. 1720 d. 1759. Magdeli og Nils var først husfolk i Sulo (2) til 1764, før dei vart husfolk under Øvre Stuberg. Sidan flytta familien til Sandviken i Bergen rundt 1780. Nils levde i 1801 ifølgje eit skifte, og budde då i Skuteviken.

Born: a. Ingeborg Nilsd f. 1760. b. Mons Nilsen f. 1762. c. Hans Nilsen f. 1768. d. dødfødt barn f. 1773.

2. Engel Maria Kristiansd f. 1805 Ertsholmen (10a) d. 1864 g.2.g. 1833 m. Sjur Larsen f. 1809 på Austrheim d. 1864 (jf Austrheimb. III s 118, son av Lars Jakobsen f. 1767 d. 1816 og Brita Sjursd f. 1767 d. 1828). Engel var enkje etter Ivar Jonasen f. 1795 d. 1831, sjå Ertsholmen (11). Sjur og Engel budde òg der (12) til 1838, men flytta så hit.

Born: a. Lars Sjursen f. 1834 d. 1906, neste brukar (3). b. Kristi Sjursd f. 1838 d. 1919, ugift, tenar, livnærte seg òg ved not- og garnbinding. c. Ingeborg Sjursd f. 1841, fekk med Rasmus Tollefsen f. 1837 Byrknes (sjå Gulenb. III s 229) d. 1896 Steigen i Nordland sonen ca. Bernt Rasmussen f. 1863 d. 1887, ugift, kolportør (seljar), omkom ved kollsegling på sjøen ved Fonnes i Austrheim saman med Jakob Monsen Mongstad f. 1872 frå Lindås (jf Lindåsb. IV s 534), vart ikkje attfunnen. Ingeborg flytta til Bergen i 1870. d. Brita Sjursd f. 1848 d. 5 md gl.

3. Lars Sjursen f. 1834 på denne plassen (2a) d. 1906 g. 1861 m. Brita Thomasd f. 1833 Husa (gnr 168 bnr 10-3f) d. 1918. Dei tok over plassen etter Lars sine foreldre, og budde i sjølveigande hus. Etter utskiftinga i 1896 vart plassen liggjande på Muren sitt område, men huset skulle få stå i deira levedagar, mot at leigeavgifta vart betalt til den nye grunneigaren. Huset stod litt nedanfor der som gnr 168 bnr 47 kom seinare. Lars var fiskar. I 1875 hadde han og Brita 3 sauer. Brita flytta til dottera Sina då Lars døydde.

Born: a. Sina Larsd f. 1861 d. 1940 g. 1882 m. Andreas Mikkelsen f. 1860 Husa (gnr 168 bnr 8-8 a) d. 1913, budde på Berge (husmenn 1). b. Jon Larsen f. 1864 d. 1931 g.l.g. 1885 m. Torbjørg Olsd f. 1850 Åråsvågen, Austrheim d. 1887, brukarar på Husa gnr 168 bnr 10-7. c. Engel Larsen f. 1867 d. 1913 g.l.g. 1893 m. Lina Kristensd f. 1862 Øksneset, Austrheim d. 1901, g.2.g. 1903 m. Anna Maria Kristensd f. 1865 Øksneset d. 1904 (søster til Lina), g.3.g. 1905 m. Cecilia Johannesd f. 1873 Monslaupen, Austrheim d. 1948, budde i Øksneset (sjå Austrheimb. III s 457). d. Thomas Olai Larsen Berg f. 1870 d. 1932 g. 1900 Bergen m. Nikolina Bertelsd f. 1871 Kopper (gnr 168 bnr 2-14) d. 1957. Tom og Lina (som dei vart kalla) utvandra for godt til USA i 1900, etter at dei hadde gifta seg. Tom reiste til USA første gongen i 1893 saman med broren Lars. Dei budde i Fresno, California, og dreiv ein farm, dyrka m.a. druer (rosiner). Mange utvandrarar frå Fedje fekk sin første opphaldsstad hjå dei. e. Lars Larsen Berg f. 1873 d. 1911 g. i USA m. Josefine Marie Larsd f. 1873 Litlelindås, Austrheim d. 1949. Lars reiste til USA saman med broren Tom i 1893, mens Josefine reiste i 1898. Dei dreiv druefarmen i Fresno saman med Tom og Lina, men så vart Lars sjuk, og Josefine reiste tilbake til Austrheim med borna, og kjøpte seg eit bruk på Litlelindås (jf Austrheimb. II s 505 og 526). Lars døydde hjå broren Tom i USA.

4. Anna Gudmundsd f. 1823 Grenda (gnr 168 bnr 17-12e) d. 1891 (fall utfor ein fjellhammar og drukna i sjøen) g. 1849 m. Sivert Johan-Kristiansen f. 1827 Bergen d. 1912 (son av bøkkardreng Johan Kristian Salvesen f. 1805 Bergen d. 1857 og pike Anne Karine Jakobsd f. 1803 Bergen d. 1871, begge budde i Bergen). Sivert vaks opp i Krossøyna i Austrheim og vart konfirmert der. Han og Anna var husfolk i Krossøyna (sjå Austrheimb. III s 623). Sivertholmen der skal ha fått namn etter han. Etter at Lars (3) var død i 1906, flytta Sivert og den andre kona hans hit. Huset vart seinare rive.

Born: Sivert sin son med Guri Olsd f. 1807 Brattholmen i Fjell d. 1889, oppvaksen Kvalvågen i Austrheim (jf Fjellb. V s 58, og Austrheimb. II s 272): a. Gullak Sivertsen f. 1848 på Sætre, Austrheim (foreldra tente der då) d. 1942 g. 1873 m. Marie Persd f. 1847 Grenda (gnr 168 bnr 17-13b) d. 1935, budde der (15). Anna og Sivert sine born: b. Martinus Sivertsen f. 1849 d. 1930 g. 1881 m. Gunhild Fusesd f. 1852 Vare, Osterøy d. 1934 (sjå Hosangerb. I s 551), budde først på Krossøyna og så på Bergsvika i Austrheim (jf Austrheimb. III s 258), dottera deira ba. Karina Bertina Martinusd f. 1894 g. 1917 m. Hans Hansen f. 1896 Muren (gnr 168 bnr 18-15g). c. Johanna Sivertsd f. 1852 d. 1923 g. 1888 m. Johan Henriksen f. 1865 på Austrheim d. 1945, budde i Sulo (gnr 169 bnr 51-1). d. Gurina Sivertsd f. 1856 d. 1925, ugift, tente m.a. på Rebnor i Austrheim og Mjømna i Gulen, døydde på Grenda. e. Hansina Sivertsd f. 1859 d. 1912 g.l.g. 1891 m. em. Johan Jansen f. 1856 Nordre Hjønnevåg, Solund i Sogn d. 1893 (tub.), budde der (jf Solundb. I s 167). Hansina g.2.g. 1898 m. em. Lars Kristiansen Stuberg f. 1862 d. 1948, brukarar der (gnr 168 bnr 19-20). f. Karl Sivertsen f. 1863 d. 2 veker gl. g. Karen Sivertsd f. 1865 d. 1916 g. 1894 m. Peder Johan Olsen Børholm f. 1853 Gulen d. 1931, busette der (sjå Gulenb. III s 302).

Enkjemannen Sivert g.2.g. 1892 m. Brita Persd f. 1844 Grenda (gnr 168 bnr 17-13a) d. 1916, ho var brordotter til den første kona hans. Sivert og sonen Gullak vart altså gift med to søstrer.


Fedje komm.svg Husmenn på Stuberg er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Øvre Stuberg (Fedje) • Neste bolk: Stuberg (Fedje gnr 168 bnr 19)