Hylestad kommune

Hylestad kommune er ein tidlegare kommune i Setesdal i Aust-Agder. Den var ein del av Valle formannskapsdistrikt frå 1838 til 1. juli 1915, då den vart skild ut til ein eigen kommune med kommunenummeret 0939. 1. januar 1962 vart kommunane Hylestad og Valle på ny slegne saman til Valle kommune. I løpet av desse åra hadde Hylestad hatt elleve ordførarar.

Hylestad ligg lengst sør i Valle, og tettstaden Rysstad var kommunens senter. Kommunen var ved samanslåinga 570 km² stor[1] og folketalet hadde vakse frå 658 i 1915 til 662 i 1962.[2]

Namnet

Kommunen (opphaveleg soknet) fekk namn etter (preste)garden Hylestad eller Hyl(k)je, norrønt: Hyljastaðir. Den fyrste delen av namnet kjem frå hylja som tyder «kulp» (leddet kan visa til ein kulp i Otra) medan staðir tydar gard eller bustad.[3]

Kyrkje og trusliv

Sentralt på Rysstad ligg den nyaste av kyrkjene på Hylestad. Ho er den fyrste på denne tomta der ho vart bygd av Anders «Kirkebygger» Thorson Syrtveit i 1838. Den eldste kyrkja på Hylestad er nemnd fyrste gong i pavelege rekneskap og dagbøker i 1328 (Ecclesia de Hulesta)[4]

Stavkyrkja stod nede ved elva Otra frå omkring 1200 og fram til ho vart riven i 1644. Fyrst låg grunnen til prestegarden Hylje, men etter svartedauen vart den lagd til Bjørgum. I staden for stavkyrkja kom ei lafta langkyrkje som blei ståande fram til 1838. På Nomeland ligg dessutan eit bedehus. Hylestad er ein del av Valle og Hylestad kirkelige fellesråd i Otredal prosti.

Folketeljingar

Kommunen hadde fem teljingskrinsar:[5]

  1. Treungen (Straume, Helle og Besteland)
  2. Rysstad (Rysstad)
  3. Haugen (Haugen, Hovet og Bjørgum)
  4. Brokke (Brokke og Berg)
  5. Nomeland og Uppstad (Nomeland, Haugeland og Oppstad)

Teljingane i åra 1951-1961 ligg på Statistisk sentralbyrå SSB.no (vitja 4. august 2010)

Gardane

I 2010 er det tolv gardar i bygda, men det har vore minst tretten. Etter svartedauen blei Hylje dela mellom Hovet og Bjørgum. Oppe i dalsida, vest for Otra og midt i bygda ligg Brokke, Berg og Haugeland som har samnamnet Gardan.

Gardanes plassering frå syd til nord i bygda[6]
G.nr. Gard Plassering Fyrst
nemnd
Merknader
60 Oppstad heilt nord, vest for Otra 1593 - fullgard
61 Haugeland nordafor Nomeland, sør for Oppstad 1668 - skild ut frå Nomeland
ein av Gardan
62 Brokke nordafor Rysstad, vest for Berg 1401 - Brekka ein av Gardan
63 Berg nordafor Rysstad, vest for Nomeland til 1838 g.nr. 65
1838-1889 g.nr. 60
frå 1889 g.nr. 63.
ein av Gardan
64 Nomeland nordafor Rysstad, vest for Otra 1601 - fullgard
65 Hovet nordafor Bjørgum, aust for Otra 1593 - fullgard
66 Haugen nordafor Bjørgum, vest for Otra 1593 - fullgard
67 Bjørgum nordafor Straume, aust for Otra til 1838 g.nr. 61
1838-1889 g.nr. 64
frå 1889 g.nr. 67.
68 Rysstad nordafor Helle, vest for Otra 1576 - Røssestadt 1593 - fullgard
69 Straume heilt syd, aust for Otra 1405 - Strvm 1593 - fullgard
til 1838 g.nr. 58
1838-1889 g.nr. 66
frå 1889 g.nr. 69.
70 Helle nord for Besteland, vest for Otra 1479 - i Hellee 1593 - 1623: fullgard
til 1838 g.nr. 63
1838-1889 g.nr. 67
frå 1889 g.nr. 70.
71 Besteland heilt sør, vest for Otra 1437 - Bestaland 1601 - 1647: øydegaard
til 1838 g.nr. 66
1838-1889 g.nr. 68
frå 1889 g.nr. 71.

Kjelder og fotnoter

  1. «Hylestad» i Store Norske Leksikon (vitja 29. juni 2010)
  2. Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
  3. Nomeland, Tarald: «Gardsnamna i Valle og Hylestad» i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad s. 317, 1983, ISBN 8290300077
  4. Ruud, Erling: «Kirkeliv og kirker» i Bygd og by i Norge: Agder, s. 316-317, Gyldendal 1977, ISBN 8205094063
  5. SSB sitt kommunehefte for 0939 Hylestad i 1960, sidene 4 og 5 (vitja 4. august 2010)
  6. Om ikkje anna er angjeve: Ryningen, Alfred: Valle kommune I og II, Gards- og ættesoge Hylestad; Valle kommune 1985, ISBN 82-991334-0-8 og ISBN 82-991334-1-6.

Eksterne lenkjer