Otra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Otra ved Heggland i Bygland.
Foto: Reidar Tveito

Otra er Sørlandets største elv. Ho renn frå Setesdalsheiene i Bykle gjennom Setesdal og Vennesla til Kristiansand, der ho renn ut i Østre havn. Med ei lengde på 245 km er Otra den åttande lengste elva i Noreg. Ho er óg ein av dei sterkast regulerte, med ei rekkje kraftverk.

Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. Ein finn óg bleke, som er ein reliktlaks, i Byglandsfjorden. Fjorden er ein del av Otravassdaget.

Eit av Den norske kyrkje sine prosti, Otredal prosti, har fått namn etter elva og dalen ho renn gjennom. Prostiet dekkjer Setesdal og Vennesla. Otrudal var tidlegare namnet på dalen sør for Bykle og Valle, men etter kvart byrja man å kalle heile dalen ned til Evje og Hornnes og Iveland for Setesdal. Dette vart óg namnet på futedømet som omfatta dei fire nemnde kommunena og Bygland, og Otrudal eller Otredal vart ikkje lenger brukt anna enn i kyrkjeleg samanhang.

Kjelder