Jernvegen 24 (Bykle)
Jernvegen 24 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dei som bur i dette huset (2006), bygde det sjølve i år 2000.
- Espen Wolles Mikkelsen, f 1970
Jernvegen 24 | |
---|---|
Utskilt: | 2000 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 838 |
Type: | Bustadseigedom |
- g 2001 m Trude Arnestad Ekroll, f 1974. Born:
- Robin, f 2003
- Malene f 2005
Trude er dotter åt Anne Britt Arnestad og Terje Ekroll (sjå Jernvegen 2-4-6-8, bnr 648), og har hatt heime på Hovden sidan 1979. Ho er ungdomsarbeidar i Bykle kommune. Espen er son åt Anne Lise Wolles Hullet og Øyvind Mikkelsen. Også han er langt på veg oppvaksen på Hovden, ettersom mora og stykfaren, David Hullett, budde her frå 1979 til 1988 (sjå Malmvegen 14, bnr 335). Espen arbeider som kokk.
Jernvegen 24 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Jernvegen 28 • Neste bolk: Jernvegen 18 |