Johannes Pedersen Klokstad
Johannes Pedersen Klokstad (fødd 29. februar 1860 på Lesja, død 20. november 1928) var lærar og gardbrukar. Klokstad var lenge tilsett ved Lyftingsmo skule på Lesja, men arbeidde før det fire år som lærar i Finnmark.
Han vaks opp i Systugu Klukkstad på Lesja, som son av gardbrukar Peder Johannesen (1832-1913) og Pernille Gudbrandsdatter Klokstad (1829-1917). Johannes og kona Birgithe Cathrine Fredriksd. Ulrich (1865-1927), frå Kistrand i Finnmark, tok over garden før 1910. Dei fekk sju barn. Sonen Fredrik (fødd 1902) overtok Klukkstad etter foreldra i 1925, men reiste til Amerika i 1929 i lag med broren Georg.
Kjelder og litteratur
- Johannes Pedersen i folketelling 1865 for Lesja prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Johannes Pedersen i folketelling 1875 for Lesja prestegjeld fra Digitalarkivet.
- Johannes P. Klokstad i folketelling 1900 for Lesja herred fra Digitalarkivet.
- Johannes P. Klokstad i folketelling 1910 for Lesja herred fra Digitalarkivet.
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja - bind 3: Gards- og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn, Lesja kommune 1996, s. 25-26.