Kjeldearkiv:1891-12-18 Brev frå Kleiven til Prestgard
1891-12-18 Brev frå Kleiven til Prestgard | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 18.12.1891 |
Stad: | Vågå |
Frå: | Ivar Kleiven |
Til: | Kristian Prestgard |
Nr. i samling: | 76 |
Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
18. 12. 91.
Kjære hr. skatmester!
Nei no bli eg saa laak i smalryggen av aa sitja krøkjast og hefte bøker, at eg lyt gjeva upp for i dag – eg har no nogo gjort au, naar eg ser aat, for der ligg det 5 aarg. av “Børnetidende” hans Rolvsen og 6te binde av “Nordisk konversasjonsleksikon” – eit fanga mest ei halv alen høgt; men neiggu er det ikkje tjugandeparten av det eg skulde havt ferugt til jul enda! Aanei, det nyttar ikkje tenkje paa, aa faa nogo undagjort, sa’n. Her har eg site i 2 utlange dagar aa senda desse [...] skulmesterom og skul- skul- skulindom – sjaa etter um Knudsen har det orde! – attende timetabellane deres med “anmerkninger og paategninger” fra[a] Vaage skulestyre, søgt det høie departement um statstilskot aat skuleboksamlinga i Nedr-Heiddalen, sport overtilsyne um desse [...] brandane av lærare, som har tent i 15 aar har guds og kongens rett til aa setja seg paa reva og streite imot med aa halde skule i 36 timer veka i storskulen naar dei væl den gamle lønningsmaaten, og saa “referert” siste skulestyremøte aat “Frg”. Enda lyt eg upp før fa’n fær paa seg broka imorgon og skrive aat skulestyrom paa Dovre og Nørdre Fron og spørgja desse vore gode naboer um dei vil gjeva seg ihop med oss um ein fast, 6 maanads fortsættelsesskule. Sjølve søkjer vi um penger av amtskassa til ein paa 2 maanar – meir fær ikkje nogo einslegt herred. Aa ja, bitterdø, har eg beste trua au, eg, paa desse 2 maanads skulane, som vøre lette aa fløtja aat imse sogn, dei vilde bli tilbeste for Per og Paal, dei, men paa ein slik fast halvaars skule hadde ikkje slike kare raad til aa koma. Fekk ein utstyrt skulen med gjilde undervisningsgreior og ein gjild lærar og saa valde berre nogre faa av dei vigtugaste fag, kunde det mone dygtugt paa 8 viker. Ja, du kan da veta det var eg, som fekk skulestyre til aa leggje iveg med dette og eg var saa heppen aa faa herredsstyre til aa gaa med au paa 2 stemmer nær. – Likvæl lyt eg no lye etter korleis dei vil paa Dovre og Fron, for det vart meg paalagt. Og saa skal eg referere fraa sidste møte i herredsstyre aat “Frg.” – altsamen til posten gaar imorgon. Neimen er det ikkje beinspelt aa vera eg, nei! Men saa lyt du no fulla skjøne deg paa det, du, au saa at du er grovt takknemmeleg for dette breve, naar du høyrer (ser), at eg saaleis spandera ein heil time av mi kostbare tid paa høngjætaren paa Sagatun! Men nemnde eg ikkje posten? Der var eg au ute i siste herredsstyremøte og gjorde eit skavarp – eg fekk herredsstyre einstemmugt til, aa, “anbefale paa det bedste” ein søkna fraa meg aat poststyrelsen um aa kjøre posten Otdalen og la døkk Heiddøler faa post 3 gonger i veka. Var ikkje det eit godt kast? Ja, naar eg skal vera ærleg, saa skreiv Filseth aat meg fyrst um detta og fortalde, at han hadde snakka um det ved postmesteren[1] og han let uvandt, sa, at sjølve poststyrelsen hadde spurt etter denna greia nyleg – trudde, at det gjekk med eingong berre det kom krav fraa Lalm og Heddalen. Men saa neiggu er det ikkje nogo aa takke Filseth for detta, lel, for det er eg, som har “horisonteret” han i dessa aspekterne med posten vor, – eg som har synt ’om kor ille det er stelt og da vil eg ha æra, au, dersom posten bli tilskipa etter, som eg peikte paa aat deim i søknaen min. Jamen laut han til paven ved herredsvalge eindagen, lel – han skjenkte oss kaffe au i skilnaen – skal undrast paa, um dei væl han att næste gong, dei kan gjera rare kroker, Heiddølane, enderaa gong.
Nei, no har eg da aldrig høyrt det saa gale nogon gong – umsetja meg! Og paa dansk! Ja, naar fa’n skjit saa skjit han i haug: trur du kanskje ikkje, at eg har havt fuldt med anfektelser fraa den vonde sia ihaust, som gjekk ut paa, at eg skulde freiste aa skrive “ritsê” mine paa dansk og faa dei selt antel aat “Folkebladet”[2] eller eit anna liknande! Eg tenkte som saa: detta gaar, djeven kluve meg, ikkje an lenger, du lyt freiste aa faa dessa “avritsê” du har tulla med saalengje ut iblandt folk saa dei fær sjaa, um det er slike saker, at dei er væl fire skilling. Er dei ikkje det, saa kan du da eingong faa rista av deg denna innbillinga, at det skal stinge nogo slags bokskrivarneme i deg, og saa kan du baketter med større dug og hjertlag leggje hande paa plogen forutta aa sjaa deg um[3]. (Ja eg sa vist saa: gripe um greve og møkjareka og kløne i lorten av hjertens grunn, men det er ikkje saa høgtideleg, det, i eit brev, forstaar seg.) Lengje gjekk eg med planer um aa skrive “barneminder” aat Nordahl Rolvsens “Børnetidende” – han skal betale bra, han; men saa var eg halvrædd, at eg skulde ha gløymt den stakkars dansken eg ein gong mestsom kunna au. Nei saa gauv eg paa ’n “Gamel Hans”, skreiv ein kladd med blyant, saa ein med pen – saa reinskreiv eg – og smorde inn aat ’om Lars Holst, bau det fram for “sedvanligt honorar” aat Dagbladet helst aat – – julenomre! – ein skal aldrig vera bluge, den som er um seg han fø’r seg. Han “Gamel-Hans” var da paa dette kraakemaale, eg skriv til dagleg og eg tykte sjøl, at det var som nogo “originalt” ved’n og at han ikkje var reint ille ihopsett. Men kva han Lars tykkjer, det veit sakte ikkje eg; det er no ein maanad trast, sia eg senda’n, men enno har eg ikkje faat han att, som eg ba um. Du kan tenkje eg gaar og verkjer – skulde det hende, at han tok avritse upp i “Dagbl.” saa vørte eg fulla jaalot – kjyste radt lorten der han Lars hadde trakka paa Karl Johan! Og da kan du veta eg kom til aa ruske i ’om Storola og ’om Vetlkristen og alle desse andre foster eg ber paa! Millom oss sagt har eg elles ikkje stor von um, at han Lars skal let han “Gamel Hans” finne naade “for sine øine” – det er det bele, ser du, at det ikkje lenger er bruk for slike naturgjevnaer (um eg elles er nogon) som eg – det er nogo [...] som heiter konst, psykologi og kunnskap alle, som byd til aa skriv nogo slikt no, endeleg skal ha. Og korleis […] det flaska seg med det psykologiske hjaa ’m Gamel-Hans, ja det veit eg ikkje meir greie paa ’enn han Maks, hjelp ikkje det fannst ingen, som kjende han betre enn eg. Men, men sa’n – det bêgjê seg altid snart.
Eg har ikkje lagt reint ned tanken paa Rolvsen held – her har eg liggjande eit minne paa 3, 4 spaltor – fraa dei dagom eg var 4, 5 aars gutungje – med eg gnog og gnog han far etter eventyr og forteljingor saa han var mest uppraadd for meg. Bjønnhistorier var det glupaste eg viste og naar dei virkelege slapp upp for ’om dikta han det, som skulde til. Og det gjorde han barnlegt, endefram og livlegt – det gjorde meg reint illt for historiom, da eg som halvvaksen tok til aa skjøne, at dei var gjorde aat meg – men han far minka ikkje av det. Ei av desse bjørnhistoriom er det eg har liggjande, det er berre finhøvling som vantar for ho gaar ivegen for aa bli vogjen paa den haarfine vegta aat den gløgge æstetikeren, som Nordahl Rolvsen er. Bli eg forlett baade i Dagbladet og i Børnetidende – ja da veit eg mest ikkje nogo mushol aa krupe inni – da maa det vist vera det greiaste aa gjera ein stygg gestus – klappe paa ræva – aat heile forfattarskape.
Du ser saaleis, at det var paa ei utid du kom med forlyding etter ’om Storola og ’om Vetlkristen, au, eg lyt segja som Juhani Aho, du skal faa grei beskjed seinar. Men elles fær du no gjera væl aa brenne dit eigje krut fyrst, før du set paa med mine, det, som det ikkje er eingong avgjort med, at det brenn, tessheld.
Er det alvor, at du endeleg vil umsetja – kan du ikkje da ta fatt paa “Sigurd”[4] eller den andre svensken, Bondesen? Eller du kan kjøpe deg Horns og H. Reutch’s geografi for “almueskolen” og setja deg til aa skrive ei geografi for folkeskulen. Skal vaage du gjorde det betre enn dei, for eg likar ikkje nogor av deim, hjelp ikkje vi er mest nødde til aa ta ibruk [boka] aat Reutch um ikkje nogor betre kjem naar det lid paa aare. Tenk lite paa det, skal mest vaage du vilde greie den biffen og kanhende skaffe skulen ei bok, som han vilde ha godt av ein mannsalder –; den reisebeskrivelsen, som gaar gjenom boka aat R. vilde du gjera tie gongor betre.
Det lakkar til jul og vi rustar oss til, aa ta imot henna kvar paa sin maate. Sist i julen kjem Ola Aasmundstad her med “Njaala” som han endeleg no har faat paa kladd. Han spurde, da han skreiv, kvar du hadde søkt fjelster og bar seg for, at han ikkje hadde skrive aat deg i rett tid. Iver leik og snikrad syd i Hanslin saa han knapt har stunder aa sjaa heim att snøgge natta over ved kvar helg. I julom skal du faa ein epistel att fraa meg og saa fær du ha ei gledeleg jul!
Din
Ivar Kleiven
Fotnoter
- ↑ Theodor Hansen, utnemnd tidlegare same året.
- ↑ Illustrert vekeblad, utgjeve frå 1880 i Kristiania. Bladet var ått og styrt av Jacob Breda Bull 1883–91 og redigert av Hartvig Lassen 1891–97. Gjekk inn i 1921.
- ↑ Fritt etter Luk. 9,62.
- ↑ Pseudonym for Alfred Hedenstierna.