Knut Knutsen (1903–1969)

Knut Knutsen (født 4. desember 1903 i Oslo, død 9. juli 1969 i Kragerø) var en arkitekt som virka i Oslo i perioden 1925–1969, gjerne rekna som som ein av etterkrigstidas fremste norske arkitektar.

Faksimile fra Arbeiderbladet 11. juli 1969: utsnitt av omtale av bortgangen til Knut Knutsen.

Familie

Knut Knudsen var son av bankbokholder Eivind Knudsen (1874–1928) og Adelheid Sitt (1882–1975) og vart gift i 1930 med tekstilkunstnar Hjørdis Christiansen (1905–1992). Han var nevø av arkitektane Finn Knudsen (1864–1911) og Sverre Knudsen (1872–1954). Sønnen Bengt–Espen Knutsen (født 1933) ble óg ein anerkjent arkitekt, og arbeidde med faren før han etablerte eigen praksis i 1965.

Liv og virke

Knut Knutsen var utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1925, var assistent hos Sverre Knudsen 1925–1928, Ole Øvergaard 1928–1934. Knutsen hadde eigen praksis i Oslo frå 1936, han var avdelingsleiar ved Arkitekthøgskolen i Oslo (AHO) frå 1959 og professor AHO 1966.

I Bodø har han teikna Storgata 7, forretningsgård for Gustav Moe (ARK Odds). Moe engasjerte Knutsen i 1945, bygningen vart reist i 1949. Han har også teikna Storgata 28, forretningsgard for O Johanson manufaktur (1949) og Storgata 30. Forretningsgård for Tjærandsen.

Bland hans andre arbeid kan særleg nemnast hans eige sommarhus i Portør 1949, Hotell Viking i Oslo i 1952, Strand HotelGjøvik, Folkets hus i Oslo og Holmen kirke i Asker frå 1965. Han har og teikna Norges ambassade i Stockholm, 1952.

I 1939 vart han tildelt den franske Æreslegionen. I 1961 var han mottakar av den første Treprisen.

Knutsen er gravlagd på Ris kirkegård i Oslo. Titlane Arkitekt og Professor er nytta på gravminnet.

Galleri

Kjelder og lenker



  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.