Kolmila 5 (Bykle)

Kolmila 5 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppført av Bykle kommune i 1990-91, og vart teke i bruk i det sistnemnde året.

  • Bettina Schaanning, f 1963
Kolmila 5
Utskilt: 1988
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 508
Type: Bustadseigedom
Kim Erik, f 1990
Hedda Helene, f 1992
Fosterbarn:
  • Daniel, f 1987

Bettina Schaanning og Dag Erik Johnsen kom til Hovden i 1991, og leigde då dette huset hjå kommunen. I 1998 kaupte ho det. Bettina er fødd i Oslo, men kom til Hovden frå Kristiansand. Ho er dotter åt Jan Erik Olsen og Anita Schaanning. Etter nokre år som førskulelærar skaffa ho seg tilleggsutdaning, og arbeider nå som lærar ved Fjellgardane skule.

Daniel Schaanning, som er fosterson åt Bettina, kjem frå Kristiansand. Han er syskenbarnet hennes, og son åt Reidar og Tuela Schaanning.


0941 Bykle komm.png Kolmila 5 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kolmila 3 • Neste bolk: Kolmila 6

Koordinater: 59.56187° N 7.35931° Ø