Kommandersersjant

Kommandersersjant var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa ved etableringa av ny befalsordning i 1930. Graden vart innført i 1747 da den erstatta den eldre høgste underoffisersgraden Capitaine des armes.[1] som vart teke bort.

Våpenjakke og lue for kommandersersjant, modell 1894. Kragespeglane har avdelingsmerket HB for Hallingdal Bataljon, medan gradsdistinksjonen er dei tre raude stripene nedst på ermane.
Utsnitt frå rulle over Lomske kompani 1793 der kommandersersjantgraden er brukt.

I ein del litteratur[2] er det påstått at kommandersersjantgraden berre galdt i dei verva («gevorbne») avdelingane fram til den vart innført for dei nasjonale så seint som i 1855. Men den er brukt for nasjonale avdelingar i alle fall frå kring 1790, i nokre tilfelle alt i 1770-åra og i enkelttilfelle alt i 1748.[3]

Idag

Graden vart igjen innførd i samband med militærordninga av 2016 som ein del av etableringa av befalskategorien spesialistbefal. Som distinkssjon har kommandersersjanten tre vinklar med tre bogar over desse. Den tilsvarande graden i Sjøforsvaret er orlogsmeister. Graden har NATO-rang OR8 som ein major i offiserskorpset.[4][5]

Referanser

  1. Christophersen s. 11.
  2. M.a. i Odlaug 1928 s. 161.
  3. Kjelland, Arnfinn: Eige arbeid med militære ruller frå 1. Oplandske nasjonale infanteriregiment frå 1662 til ca 1813. I grenaderrulla for Ringebuiske kompani 1775 er det t.d. opplyst at furer Ole Jensen Holl hadde avansert til «Commander Sergiant» ved regimentet sitt livkompani. I hovudlegdsrulla for Gausdalske kompani for 1748 står Niels Randulf som Commander Sergiant. Han var 23 år og hadde vore i teneste i 6 år, alle ved det nasjonale regimentet.
  4. Her er de nye gradene, Forsvaret
  5. Implementerings- og milepælsplan - Ordning for militært tilsatte, Forsvaret 7. oktober 2015

Kjelder og litteratur

  • Christophersen, Bjørn 1978: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo.
  • Odlaug, Gustav 1928: «Underofficerene», i Norsk militært tidsskrift s. 153-184.