Kvamsøy (Balestrand)
Kvamsøy er ei øy i Sognefjorden. Ho er ein del av Balestrand kommune, og er 147 km² stor.
I mellomalderen var Kvamsøy ei viktig hamn. Sverre Sigurdsson låg her føre slaget ved Fimreite. I Kvamsøysundet mellom Kvamsøy og fastlandet finn ein merke etter båtfester frå tida då jekter la til her.
Kvamsøy kyrkje vart reist omlag år 1300.
Kjelder
- Kvamsøy i Balestrand i Store norske leksikon