Lars Tøgerson Kronen

Lars Tøgerson Kronen (døypt januar 1808, død 2. desember 1886) var frå garden Kruna i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Tøger Larsson Kruna og Gjertrud Andersdotter, og dermed soneson til lensmann Lars Tøgerson Snøtun.

Han fekk skøyte på heimebruket etter foreldra sine 25. oktober 1830. Dei budde som kårfolk på garden til mora døydde i 1831 og faren i 1854. Lars T. Kronen var gift to gonger, fyrst 20. juni 1836 med Johanna Andersdotter, dotter av Anders Andersson Haugen frå Haugen i Jostedalen. Syskena til Lars og Johanna, Anders A. Haugen og Mari Tøgersdotter, vart òg gifte med kvarandre.

Johanna døydde i barselseng 5. juni 1838. Lars gifte seg deretter med Kirsti Pedersdotter frå Skildeim i Luster 28. juni 1842.

Lars T. Kronen var sentral i bygdestyringa i fleire tiår og var ordførar to gonger. Han vart vald til viseordførar 14. januar 1845 og ordførar i Jostedalen som 38-åring 9. januar 1846. Den sitjande ordføraren, sokneprest Michael Sundt Tuchsen Fasting, hadde då bede seg friteke frå ombodet etter å ha fått eit nytt prestekall. Lars Kronen vart dermed den andre gardbrukaren som hadde ordførarombodet i Jostedalen. Den fyrste var syskenbornet hans, Lars Rasmusson Faaberg. Då den ordinære toårige ordførarperioden var ute i januar 1847, fekk Lars Kronen avløysing av den nye soknepresten, Christian Bastholm Heltberg og heldt fram ein periode til som viseordførar.[1]

Lars Kronen var òg viseordførar 1857-61 og fekk på nytt vervet i februar 1867. Då hende det same som i 1845. Ordføraren, som sidan 1856 hadde vore sokneprest Ole Christian Rasch, fekk eit nytt prestekall og sa frå seg ordførarombodet. Frå 24. oktober 1867 var Kronen fungerande ordførar, og han vart vald i det ordinære ordførarvalet 28. mars 1868. Denne gongen var han ordførar til brorsonen Rasmus Larsson Faaberg tok over vervet 13. januar 1870.[2]

Sonen Tøger Larsson Kronen var seinare òg ordførar ein periode. Svigerfaren Anders Andersson Haugen hadde dessutan vore sentral i bygdestyringa i ei årrekkje tidlegare på 1800-talet.

Lars og Johanna fekk to born, og eitt av dei voks opp:

  • Gjertrud Larsdotter (1838-1913), gift med gardbrukar og ordførar Rasmus Larsson Faaberg på Nedre Fåberg (1843-1922)

Lars og Kirsti fekk åtte born:

  • Tøger Larsson Kronen (1843-1909), som fekk ta over heimebruket
  • Peder Larsson (1844-1923), husmann på Øygarden under Kruna
  • Johanna Kirstine (Kirstina Larsdotter) (1846-1923), gift og vart buande i Sogndalsfjøra
  • Johanna Larsdotter (1848-1919), gift med gardbrukar Johannes Andersson på Grov
  • Lars Larsson (1850-1935), husmann på Espestølen under Espe
  • Martinus Larsson (1852-1921), ei tid gardbrukar på Bukve i Mjølver
  • Nils Larsson (1854-1887), gardbrukar på Kruna
  • Christopher Nitter Larsson (1858-1932), landhandlar

Notar

  1. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 26b, 32a, 38a (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
  2. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 98b, 108b, 134a, 136a-b (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 822. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Michael Sundt Tuchsen Fasting 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Christian Bastholm Heltberg 


Forgjengar:
 Ole Christian Rasch 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Rasmus Larsson Faaberg