Lesjaskogen

Lesjaskogen eller berre Skogen i lokal nemning er det gamle namnet på strekninga frå Mosenden, nørdste garden i noverande Lesja hovudsokn i aust (sør etter lokal retningsnemning) til fylkesgrensa mot Møre og Romsdal i vest (nord). Etablert som kyrkjesokn sist på 1600-talet og som skulekrets ved samanslåing av dei seks gamle skulekretsane i området: Bjorlie, Rånå, Einbu (Enebo), Kyrkjekretsen, Nørdre Verket (Sletten) og Søre Verket (Verket) - i 1960-åra.

Lesjaskog i ubunden form er namnet på soknet og skulekretsen, men blir òg nytta om det tettbygde området kring kyrkja og den no nedlagde og rivne Lesjaskog stasjonRaumabanen.

På Lesjaskogen finn ein i dag grendene Bjorli, Lesjaskog og Lesjaverk i samsvar med namna på dei tre opphavlege jernbanestasjonane. Kvar av desse har sine små sentrumsområde.

Namnegardar på Lesjaskogen

Litteratur