Lid (Fedje gnr 168 bnr 120)

Lid er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Lid
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 120
Adresse: Stormarkvegen 70

1. Jon Husa f. 1926 (gnr 168 bnr 9-11d) d. 2016 g. 1952 m. Gerd Uthaug f. 1929 (gnr 168 bnr 66-1a). Skøyte 1954 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 9 og gnr 168 bnr 50 i 1952. Jon var maskinarb., så styrar på Bjelland frå 1968 til 1971. Han var teknisk sjef og yrkesskulelærar etter at familien flytta til Bergen i 1971. Seinare bustad Hjelmås i Lindås, no Alver kommune. Huset vert brukt som feriebustad.

Born: a. Gunn Grete Uthaug Husa f. 1953 g. 1985 m. Dag Bjørnar Gjerdingen f. 1953, bustad Hjelmås. b. Vivian Husa f. 1960, bustad Hjelmås.


Fedje komm.svg Lid (Fedje gnr 168 bnr 120) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Berglund (Fedje gnr 168 bnr 115) • Neste bolk: Austli (Fedje gnr 168 bnr 121)