Lofthus (Ullensvang)
Lofthus er ein tettstad i Ullensvang herad i Hardanger, på austsida av Sørfjorden. I 2016 hadde Lofthus 521 innbyggjarar.
![](/thumb.php?f=Fra_Lofthus%2C_Hardanger_-_NB_MS_G4_0105.jpg&width=400)
«Lofthus seet fra Gravhaugen ved Aarhus».
Foto: Marthinius Skøien (1880-åra).
Staden er kjend som turistmål, med fleire hotell og campingplass. Næringslivet elles er til dels bygd på den store fruktavlen her, og staten har lenge hatt forskingssenter for fruktdyrking i Lofthus.
Tettstaden har òg anna offentleg verksemd, som Hardanger tingrett og Opedal barneskule. Ullensvang kyrkje, ei steinkyrkje frå 1250-1300, ligg ved Lofthus.
Boligstrøket Lofthus i Oslo er oppattkalla etter Lofthus i Ullensvang.
Kjelder og litteratur
- «Lofthus» i Store norske leksikon
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016.
Galleri
- Lofthus med Hotell Ullensvang.Foto: Arnfinn Kjelland (2006).