Lyngbø (Fedje gnr 172 bnr 117)

Lyngbø er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Lyngbø
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 117
Adresse: Fyrsundvegen 39

1. Otto Karl Nordby f. 1937 Stormark (gnr 172 bnr 97-1d) d. 2006, sjømann, g. 1958 m. Anne Lise Nordnes f. 1938 Bergen, fiskeindustriarb. Skøyte 1960 på tomt frådelt gnr 172 bnr 97 same året. Huset vart sett opp i 1962, det var tidlegare fyrbetjentbustad på Hellisøy. Ho flytta til Husøyna (gnr 170 bnr 69-1).

Born: a. Linda Karin Nordby f. 1959 g. 1977 m. Sverre Lie f. 1956 Bergen, bygde på Stormark gnr 172 bnr 149. b. Eivind Marinius Nordby f. 1962, borearb., g. 1991 m. Karianne Erdal f. 1969 Bergen d. 2022, kontormedarbeidar, busette der. c. Janne Merethe Nordby f. 1966 g. 1986 m. Idar Tangen f. 1963 Svena (gnr 168 bnr 175-lb), busette Husøyna (gnr 168 bnr 247-8). d. Monica Iren Nordby f. 1968 g. 1988 m. Åge Storemark f. 1963 Husa (gnr 172 bnr 126-ld), busette Husøyna (gnr 168 bnr 251-3). e. Otto André Nordby f. 1981, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 478).

2. Roald Stormark f. 1964 (gnr 172 bnr 123-1b), fiskar og fiskeindustriarb., røktar, vaktmeister, samb. 2013 m. Nadine Gutte-Preusse f. 1979 Berlin, Tyskland, pleie- og omsorgsleiar. Ho budde før i Berlin og i Sola, Rogaland. Han budde før på Kopper gnr 168 bnr 329-4, og så på Stamnes i Vaksdal. Naustet vart bygd i 2000 på tomt bnr 199, frådelt gnr 172 bnr 30 i 1999, skøyte i 2000. Her låg òg huset på gnr 172 bnr 30, denne tomta vart frådelt bnr 199 i 2003, sjå gnr 172 bnr 209. Skøyte på bnr 117 i 2012.

Hans barn frå es. m. Mai Linn Jahren f. 1976 Stamnes i Vaksdal, seinare bustad Voss: a. Iben André Jahren f. 1998, elektrikar, samb.m. Marte Nilsen Øygarden f. 2001 Øvre Årdal, Årdal i Sogn, busette der. Hennar born: b. Ann-Katrin Gutte f. 2005, bytta kjønn med namn Sebastian Gutte. c. Sara-Marie Aishwarya Gutte f. 2008. d. Aquinnah Sofie Gutte f. 2011 (frå es. m. Daniel Gutte f. 1977, bustad Husøyna gnr 170 bnr 41-6).


Fedje komm.svg Lyngbø (Fedje gnr 172 bnr 117) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nyborg (Fedje gnr 172 bnr 115) • Neste bolk: Haugatun (Fedje gnr 172 bnr 123)