Lyngbakken (Fedje gnr 169 bnr 50)

Lyngbakken er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Lyngbakken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 50
Adresse: Vidnappsvegen 24

1. Andreas Nilsen f. 1893 d. 1981 g. 1917 m. Ida Mikkelsd f. 1895 d. 1963 fekk skøyte på tomt frådelt gnr 169 bnr 1 i 1946. Dei budde tidlegare på Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-7), der heile familien er ført. Dei kjøpte ei tyskarbrakke, sette den opp og bygde på den i 1947.

2. Olaf Nilsen f. 1926 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-8e) d. 1988, fiskar, g. 1950 m. Gunvor Husa f. 1929 (gnr 168 bnr 54-1b) d. 2002, arb. telefonen og posten, fast poststyrar frå 1979 til 1996. Busette her saman med nr 1, skøyte i 1966.

Born: a. Ove Gunnar Nilsen f. 1951 g. 1983 m. Liv Tresnes f. 1961 (gnr 169 bnr 93-1d) d. 1997, busette Sulo gnr 169 bnr 99-2. Sjå òg Rognsvågen gnr 167 bnr 26. b. Reidun Anita Nilsen f. 1953, barnehageassistent, g. 1973 m. Knut Ragnar Skjelanger, Manger i Radøy f. 1952, arb. posten, busette der (sjå Radøyb. III s 276). c. Adele Irene Nilsen f. 1958, arb. bank, g. 1986 m. Panagiotis Nicolaou f. 1960 Hellas, bustad Bergen.

3. Torbjørn Hannisdal f. 1948 Bergen g. 1972 m. Edit Vikane f. 1952 Bergen, bustad Erstad i Meland, Alver kommune (jf Melandb. III s 366). Dei fekk skøyte i 2006 saman med Ann-Kristin (3a) og Jarle (3b), frå 2007 var Torbjørn og Edit eineeigarar. Huset vart nytta som fritidsbustad.

Born: a. Ann-Kristin Hannisdal f. 1972 var samb.m. Jarle Sleire f. 1971 Meland, bustad Erstad. Ho flytta til Isdal i Lindås, Alver kommune. b. Kjersti Hannisdal f. 1975 g. 1998 m. Jarle Aase f. 1971 Fosse i Meland, bustad Holme i Meland, Alver kommune.

4. Janet Lillian Ulvøen f. 1958 Blomvågen i Øygarden g.m. Mihaly Motin f. 1953, bustad Bergen. Skøyte i 2021. Det er ein fritidsbustad.


Fedje komm.svg Lyngbakken (Fedje gnr 169 bnr 50) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Haugtun (Fedje gnr 169 bnr 49) • Neste bolk: Sulen (Fedje gnr 169 bnr 51)