Lynghaug (Fedje gnr 172 bnr 148)

Lynghaug er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Lynghaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 148
Adresse: Fyrsundvegen 54

1. Margunn Berge f. 1951 Stormark (gnr 172 bnr 15-2a) g. 1972 m. Arne Borgen f. 1942 Oslo, arb. Posten. Skøyte 1979 på tomt frådelt gnr 172 bnr 15 same året. Huset vart bygd i 1981, dei budde først på Fjellheim (gnr 172 bnr 125). Familien flytta 1983 til Svinndal, Våler i Østfold, og seinare til Moss.

Born: a. Ivar Borgen f. 1972, bedriftsøkonom, g. 1997 m. Grete Bilden f. 1971, bygningsingeniør, bustad Vestby. Ekteskapet oppløyst, hans bustad Vestfossen i Øvre Eiker, så Drammen, og hennar Sande i Vestfold, seinare Reinsvoll i Vestre Toten. b. Jan Borgen f. 1973, bustad Moss. c. Heidi Karin Borgen f. 1974, bedriftsøkonom, g.m. Ulf Nysæther f. 1973, bustad Svelvik, Drammen kommune. d. Odd Arne Borgen f. 1978 g. 2012 m. Ida Kristine Lydko f. 1984 Rolvsøy i Fredrikstad, busette der.

Arnes son frå 1.es. m. Eva Karin Olsen frå Oslo: e. Kjell Arne Borgen f. 1960 samb.m. Bodil Brensdal f. 1964 Stormark (gnr 172 bnr 31-3d), bustad Oslo.

2. Berit Stormark f. 1944 (gnr 172 bnr 30-3d) d. 2020 g. 1966 m. Sigfred Einar Tømmerbakk f. 1946 Honningsvåg i Nordkapp, kranførar. Dei budde først der, så på Stormark gnr 172 bnr 139-1, sjå der. Dei kom frå Stryn og tilbake til Fedje i 1988, skøyte same året her.

Born: a. Fred Sverre Tømmerbakk f. 1966 g.m. Inger Lise Skålevik f. 1965 Bergen, busette der. b. Ketil Tømmerbakk f. 1970, sjå Stormark gnr 172 bnr 166-4. c. Gøril Tømmerbakk f. 1976 g. 2009 m. Kenneth Hausberg f. 1977 Os, busette der, no i Bjørnafjorden kommune.


Fedje komm.svg Lynghaug (Fedje gnr 172 bnr 148) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Jensebu (Fedje gnr 172 bnr 147) • Neste bolk: Liatun (Fedje gnr 172 bnr 149)