Malmvegen 41 (Bykle)

Malmvegen er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dei som bur her (2006), bygde huset sitt i 1993.

  • Tom Vatslid, f 1956
Malmvegen 41
Utskilt: 1993
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 562
Type: Bustadseigedom
g m Monica Hansen, f 1968. Born:
  • May-Britt, f 1987
  • Tommy, f 1988

Familien Vatslid flutte til Hovden frå Risør i 1990. Tom kjem opphavleg frå Bergen, og er son åt May og Erling Vatslid. Monica er frå Risør, og dotter åt Berit og Abraham Hansen. I yrkeslivet arbeider Monica på Shell-stasjonen på Hovden, medan Tom er dagleg leiar for firmaet Hovden Laft, som importerer og byggjer tømmerhus frå Estland. Tidlegare dreiv han Hovden Skytesenter, og var den som starta opp den verksemda.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 41 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 40 • Neste bolk: Belglii 2

Koordinater: 59.55726° N 7.36568° Ø