Margit Siem
Margit Siem (fødd 7. juni 1878, død 1956) gjekk i fotograflære, og dreiv ei tid frå 1902 til 1909 den første fotografforretninga i Herøy kommune på Sunnmøre.
Ho var dotter av Bjørn Sivertsen Siem (1849-1931) og Anne Hansdatter Vangen (1849-1911). Margit Siem var einsleg.
Ho fekk opplæring i fotografyrket i Bergen. Som første profesjonelle fotograf i Herøy lærte ho opp Andreas Berge, som òg signerte A. Berge.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Margit Siem på Digitalt museum.
- Margit Siem på KulturNav
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Margit Siem i Historisk befolkningsregister
Margit Siem er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|