Andreas Berge
Andreas Berge (fødd 2. mars 1886, død 19. juni 1960) var fotograf i Herøy i Møre og Romsdal.
Han var son av Andreas Johannesson Berge (1847-1928) og Nikoline Jensdotter Flusund (1846-1927). Han vart i 1922 gift med Mathilde Annaniasdotter Rovde (1887-1971).
Berge var i fotograflære hjå Margit Siem i Straumen, Herøy og hjå Isak Isaksen Hellebust på Nordfjordeid. Starta eigen fotografforretning på heimstaden i 1905 og reiste mykje rundt og fotograferte. Han var aktiv fram til 1950. Det første mørkerommet var ein gamal potetkjellar, og skikkelig atelier fekk han ikkje før i 1908. Det finst ei samling negativ etter ham på private hender, men det vart arbeida for å få samlinga til Herøy Sogelag.
Barnebarnet Magnar Hjertenæs, som er førstelektor ved Høgskulen i Volda, har over fleire år digitalisert og registrert om lag 9000 bilete etter Andreas Berge. Om lag 200 av dei er med i boka Horisonten til vegger og himmelen til tak : fotograf A. Berge frå Herøy (1886–1960), som han gav ut i 2017.
Litteratur og kjelder
- Andreas Berge i Historisk befolkningsregister.
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Andreas Berge på Digitalt museum.
- Andreas Berge på KulturNav
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Sunnmørsposten 06.11.1982
- FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. Eldre fotografer i Møre og Romsdal. [Database]. 2009.
- Hjertenæs, Magnar: Horisonten til vegger og himmelen til tak : fotograf A. Berge frå Herøy (1886–1960). 2017.
![]() |
Andreas Berge er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|