Melland Forts Venner
Melland Forts Venner er ei forening som arbeider med å utvikla og ta vare på krigsminnet Melland fort, Aure kommune. Foreninga vart stifta i 2007.
Foreninga har arrangert fleire dugnadar ved fortet. Mellom anna har det vorte bygd veg for rullestolbrukarar, og laga grill- og rasteplassar. Ein av bunkarane på anlegget har vorte sett i stand til museum.
Leiar i 2012 er Kåre Torset.