Nils Torgersen Aastad

Nils Torgersen Aastad (fødd 1858 i Vestre Slidre, død 1895) var fotograf.

Johannes.
Reversen til fotografiet som viser matrosen Johannes.

Han var son av gardbrukar Torger Aastad. Overtok i 1881 den fotografforretninga som var starta av H.J. Ridste i 1879 i Jomfru Olsens Atelier, Apothekergaden 12b i Horten («Hr. Bonnevies forrige Atelier»). I 1888 flytte han til Apothekergaden 9 og dreiv der til han døydde i september 1895. I åra 1887-89 hadde han atelier i Christiania òg, og han hadde òg atelier i Holmestrand (muligens overteke av Louise Wold) ei stund. Etter at han døydde vart forretninga seld til Carl F. Peters, som hadde ho i eit år. I 1897 kom J. Moirée Breilann, som averterte at han som «Aastads Eftfl.» hadde teke over etter Peters, men han reiste frå Horten allereie i 1898.

Registrerte verkestader:

  • 1881-1888: Horten, Apothekergaden 12b.
  • 1888-1895: Horten Apothekergaden 9 og Holmestrand.
  • 1887-1889: Oslo Skippergaden 32.

Kjelder


  Nils Torgersen Aastad er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.