Nordagutuvegen
Nordagutuvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går aust- og nordover frå Sauheradvegen ved tettstaden Akkerhaugen, der han kryssar Sauarelva på Akkerhaugen bru og går tilbake til same veg ved Holtsås. Han er 12,2 kilometer lang og er ein del av fylkesveg 3340 (tidlegare fv 553).
Vegen blei namnsett i 1999 og har namn etter tettstaden Nordagutu, som han passerer gjennom. Her ligg også Nordagutu stasjon.
På Akkerhaugen sto jernbanebrua over Sauarelva ferdig kring 1922. Ho blei bygd av stål med kjøyrebane og gangbane på kvar si side av brua. Med dette opphørte fergetrafikken over elva. Brua er 161 meter lang og har eit hovudspenn på 80 meter. Hausten 1981 blei den nye 210 meter lange vegbrua over elva ved sida av jernbanebrua opna.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Banedata 2013, Thor Bjerke (red.) Hamar/Oslo 2013.