Nordby (Fedje gnr 172 bnr 97)
Nordby er ein eigedom i Fedje kommune.
Nordby | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 172 |
Bnr: | 97 |
Adresse: | Fyrsundvegen 37 |
1. Elisabeth Herøy f. 1906 Stormark (gnr 172 bnr 14-lb) d. 1973 g. 1926 m. Marinius Edvin Nordby f. 1903 Malangen, Balsfjord i Troms d. 1981, sjømann (son av Oldine Sofie Henriksen g.m. Johan Olsen Nordby). Dei eigde ei tid barndomsheimen hennar, sjå gnr 172 bnr 14-2. Dei sette opp huset omkring 1935, og fekk skøyte på tomta frådelt gnr 172 bnr 14 i 1936, då dei selde bnr 14 til bror hennar. I 1939 kjøpte dei Stormark gnr 172 bnr 13 (jord). Elisabeth (kalla Lisa) dreiv ei tid butikken på Stormark, jf gnr 172 bnr 95-3.
Born: a. Mary Elisabeth Nordby f. 1926 d. 2017 g. 1948 m. Harald Waage f. 1925 (gnr 172 bnr 9-2d) d. 2005, bygde der (gnr 172 bnr 113). b. Johan Nordby f. 1931 d. 2017 g. 1955 m. Nordis Andersen f. 1929 Finnsnes, Lenvik i Troms, bustad Bergen, sjå òg Stormark gnr 172 bnr 144-1. Johan var eigar av bnr 97 saman med broren Osvald frå 1971 til 1984. c. Osvald Nordby f. 1935 d. 2005, neste eigar (2). d. Otto Karl Nordby f. 1937 d. 2006 g. 1958 m. Anne Lise Nordnes f. 1938 Bergen, bygde på frådelt tomt gnr 172 bnr 117.
2. Osvald Nordby f. 1935 på dette bruket (1c) d. 2005, vaktmeister, g. 1961 m. Grethe Bergersen f. 1942 Oslo, hjelpepleiar, bustad Bærum. Han vart eigar saman med broren Johan i 1971. Johan skøytte sin halvdel til Osvald i 1984, slik at han vart eineeigar. Huset vert brukt som feriebustad.
Born: a. Marinius Rune Nordby f. 1962, bustad Bærum. b. Rolf Egil Nordby f. 1965, bustad Bærum. c. Ellen Camilla Nordby f. 1971 d. 2020 samb.m. Roar Nyborg f. 1974, bustad Roa i Lunner, seinare Gjøvik.
3. Marianne Sverdrup Nordby f. 1960 Bergen (jf Stormark gnr 172 bnr 144-1b) g. 1980 m. John Sverre Øvrebø f. 1956 Bergen, bustad Fana i Bergen. Skøyte i 2010, ho er dotter til Johan (1b).
Born: a. Kristine Beate Øvrebø f. 1980 g. 2021 m. Terje Vikøren f. 1969 Søreidgrend i Bergen, busette der. c. Charlotte Øvrebø f. 1985 samb. 2011 m. Bjarte Gjesme f. 1986 Sandviken i Bergen, bustad Åsane i Bergen. d. Caroline Øvrebø f. 1987 samb. 2011 m. Tor Bratshaug f. 1986 Kråkenes i Bergen, bustad Søreidgrend.
Nordby (Fedje gnr 172 bnr 97) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Knatten (Fedje gnr 172 bnr 96) • Neste bolk: Berglund (Fedje gnr 172 bnr 107) |