Nordsamisk

Nordsamisk er det største av dei samiske språka. Tre av dei samiske hovuddialektane blir rekna til nordsamisk språk: finnmarkssamisk, som er hovudutgangspunktet for det offisielle skriftspråket; sjøsamisk; og tornesamisk, som utgjer ei overgangsform til lulesamisk språk. Nordsamisk i form av desse tre hovuddialektane blir tradisjonelt snakka blant samane i Finnmark fylke og Troms fylke samt Vesterålen og det meste av Ofoten i Nordland fylke i Noreg; i og kring Kiruna kommun i Sverige; og i Entekis, Utsjok og deler av Enare og Sodankylä i Finland.

«Sami soga laula», skriven på nordsamisk av Isak Saba, blei først trykt på forsida av Sagai Muittalægje i 1906.

Skriftspråket

Første gong det nordsamiske språket blei omhandla på norsk var i 1748, da Knud Nielsen Leem gav ut En lappisk Grammatica efter den Dialect, som bruges av Field-lapperne udi Porsanger-Fiorden. Det blei gitt ut ordbøker i 1752 og 1768. Frå samisk side skreiv Anders Porsanger om språket. Det meste av det han produserte har gått tapt, fordi han ble møtt både med rasisme og forakt mot autodidaktar, og dermed ikkje fikk publisert tekstane.

Den eldste rettskrivinga hadde store manglar. Ein ny tilnærming til rettskriving kom i 1832, då Rasmus Rask gav ut Ræsonneret lappisk sproglære efter den sprogart, som bruges av fjældlapperne i Porsangerfjorden i Finmarken. En omarbejdelse av Prof. Knud Leems Lappiske grammatica. Han hadde rådført seg med presten Nils Vibe Stockfleth, og hadde kome fram til at ortofon rettskriving var det rette. Med dette meinast at det er eit direkte og konsekvent samsvar mellom skrift og uttale. Nordsamisk har framleis ortofon rettskriving, medan til dømes luesamisk og sørsamisk i større grad har retttskriving basert på svensk og norsk ortografi. For å kunne skrive språket som det uttalast vart det innført fleire ekstra bokstavar ved hjelp av diakritiske teikn på konsonantar: č, đ, ŋ, š, ŧ og ž. Arbeidet gjort av Rask, Stockfleth og seinare Jens Andreas Friis førte til at nordsamisk heilt fram til Ivar Aasen sin grammatikk kom ut var betre utforska enn norsk.

Det var Friis sin rettskriving, basert på arbeidet til Rask, som blei nytta i den første samiske bibelen, i avisa Sagai Muitalægje og i bladet til Finnemisjonen, Nuorttanaste. Den første fullstendige bibelen kom ut i 1895, og var omsett av Lars Jacobsen Hætta, som er kjend frå Kautokeino-opprøret. Friis sin norma var ikkje heilt einerådande, for i Konrad Nielsen sin Lappisk ordbok er det ein annan ortografi.

I 1948 kom ein ny standard, kalla Bergsland-Ruong-ortografien. Den var felles for Noreg og Sverige, men blei lite nytta her i landet. Årsaken til det var at fornorskingspolitikken førte til at samisk ikkje var eit bruksspråk, men kun eit muntleg språk i samiske heimar. I Sverige hadde man «lapp ska vara lapp-politikken», ein aktiv segregasjonspolitikk. Som følgje av den blei det undervist i samisk i Sameskolan.

Dagens rettskrivingsnorm kom i 1979, og er felles for Noreg, Sverige og Finland.

Samar fødde før kring 1977 fekk ikkje lære samisk på skulen, og der var derfor særs få som kunne skrive sitt eige språk. Etter at språket det kom inn i skulen og blei administrasjonsspråk i to fylke og fleire kommunar, har skriftspråket blitt styrka. Det var i 2016 845elevar i grunnskulen som hadde nordsamisk som førstespråk, og 1045 som hadde det som andrespråk.[1]

Grammatikk og syntaks

Nordsamisk reknast gjerne som det samiske språket som ligg lengst frå protosamisk. Dette gjeld både for grammatikk og ordforråd. Ein viktig grunn til dette er at som majoritetsspråk bland samane, kom nordsamisk i større grad enn dei andre språka i kontakt med germanske språk. Det påverka grammatikken og syntaksen, og førde til at låneord blei tatt inn frå skandinaviske språk. I seinare år, etter at ein byrja nytte nordsamisk som administrasjonsspråk og undervisningsspråk har denne trenden snudd, mellom anna fordi ein søkjer å lage eigne ord framfor å ta inn låneord.

Det er sju kasus i nordsamisk:

  • Nominativ (subjektform).
  • Akkusativ (objektform).
  • Genitiv (eigeform).
  • Illativ (lokalkasus, «inn i/til»).
  • Lokativ (lokalkasus, «i/på/ved/frå»).
  • Komitativ (adverbialkasus, hovedsakelig «med»).
  • Essiv (adverbialkasis, midlertidig plassering eller tilstand).

Bøyingsformene i akkusativ og genitiv er identiske, så i praksis er det seks kasus. Eigeform blir uttrykt ved genitiv/akkusativforma av personlege pronomen.

Andre samiske språk skiljer i lokativ mellom på stad og frå stad, men i nordsamisk har desse falt saman. Nordsamisk Kárášjogas kan tyde både 'i Karaksjok' og 'frå Karasjok', men illativsforma Kárášjohkii tyder 'til Karasjok'. Andre relasjonar blir uttrykt med postposisjonar, til dømes birra, 'om' og haga, 'utan'. Sjå Kasus i samiske språk for meir informasjon om skilnader mellom dei samiske språka på dette området.

Det er tre grammatiske tal: eintal (singularis), total (dualis) og fleirtal (pluralis).

Dei fleste konsonantane har stadieveksling.

Nekting uttrykkast med eit eige nektingsverb saman med nektingsform av hovudverbet. I setninga In boađe, 'Eg kjem ikkje', er nektingsverbet 'in' i første person eintal og uttrykker såleis både nekting og subjektet 'eg', medan hovedverbet er i ei nektingsform uten personending. Skal ein seie det motsette, Boađán', 'eg kjem', er det berre eit hovudverb i første person eintal.

Syntaksen er prega av kontakt med germanske språk, og har stillinga SVO som grunnleggjande ordstilling. Til samanlikning har sørsamisk SOV som grunnleggjande ordstilling.

Referansar

Litteratur og kjelder