Norrøna Fabrikker

Norrøna Fabrikker vart etablert i 1883 og var ein smergel- og brynesteinsfabrikk som dreiv foredling av brynestein og seinare produksjon av kunststein. Fabrikken låg i Porsgrunn.


Grunnlaget for verksemda

 
Norrøna Fabrikker før 1949.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Grunnlaget for produksjonen ved Norrøna Fabrikker var brynestein frå Eidsborg i Tokke kommune. Brynesteinen blir rekna som den eldste eksportartikkelen i Noreg, og gjennom arkeologiske utgravingar har ein funne brynestein frå Eidsborg på alle dei seks kontinenta. Brynesteinen vart brote og kløyvd til råemne i brynesteinsbrota i Eidsborg og deretter frakta til Dalen og vidare gjennom Telemarkskanalen til Porsgrunn. Fabrikken si verksemd skapte stor aktivitet i Eidsborg. Siste last med brynestein vart frakta til Porsgrunn i 1952.

Oppstarten

I 1879 hadde agent Tellef Plesner frå Oslo starta eit brynesteinssliperi på Buchholm i Kragerø. Sliperiet var basert på leveransar frå både Kjønnestøylsbrota i Lårdal og brota i Eidsborg. I 1881 brann sliperiet på Buchholm ned. Eit par år etter, 8. desember 1883, vart det heldt møte på Central Hotel i Kragerø. Her deltok representantar frå fleire kjende Kragerø- og Porsgrunnsfamiliar, og det vart danna eit aksjeselskap bak stiftinga av Den norske Bryne- og Slibestensfabrik. Til formann vart Alfred Petersen Wright vald, og til disponent valde dei Tellef Plesner. Plesner overdro den anlagte bedrifta til det nye selskapet, med patent for sliping av bryne og fabrikasjon av «composisionsstener», samt rettigheiter i brynesteinsbrota i Øvre Telemark. Eit halvt år etter stiftinga beslutta ein å flytte produksjonen til Porsgrunn. Konsul Wright hadde kjøpt ei tomt på Vestsiden i Porsgrunn.

Drifta viste seg lite lønsam, og allereie i 1886 var gjelda så høg at dei største garantistane, brukseier Niels Aall (1831–1901) og konsulent Wright, sa stopp, og Plesner måtte forlate selskapet. I januar 1887 overtok Aall og Wright heile selskapets aktiva og passiva, og administrasjonen vart overtatt av Wrights gamle familiefirma P. M. Petersen & Søn. I 1892 hadde gjelda igjen stige, og Aall ynskte å tre ut av selskapet. Wright vart sittande som eineeigar. Firmaet endra navn til Smergel- og Brynestensfabrikken Norrøna. I 1908 vart navnet endra til Norrøna Fabriker, og i 1927 vart det eit aksjeselskap.

Nye produkt

Etter kvart tok carborundum-steinar og andre kunststeinar over for brynesteinen. Norrøna utvikla over tid ei rekkje ulike slipeprodukt. Møllesteinar, periferisteinar og slipepasta er døme på slike. Slipeskiver vart produsert fram til 1970-talet. Desse inneheldt i byrjinga smergel frå dei greske øyene - derav namnet smergelskiver. Slipesteinar for produksjon av mekanisk tremasse vart med tida fabrikken sin hovudartikkel. Steinane var bygd opp av slipekorn, bindemiddel og jernarmering. Produksjonsmåte og råstoff endra seg ved stadig utprøving og utvikling, og slipesteinane frå Norrøna hevda seg godt i internasjonal samanheng.

Nye eigarar

I 1972 vart 51% av aksjane selde til nabobedrifta Porsgrunds Porselænsfabrik A/S, og frå 1976 overtok porselensfabrikken samtlege aksjar. Bedrifta heldt fram som dotterselskap av porselensfabrikken fram til 1979, då eit eige aksjeselskap vart danna med navnet Norrøna Fabrikker A/S.

Arkiv

Arkivet etter Norrøna Fabrikker er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder