Norsk mjølkegeit
Norsk mjølkegeit (bokmål/nynorsk; bokmål norsk melkegeit, norsk melkegjet) er ein nyare samlerase for dei tidligare norske mjølkgeitrasane. Opphavsrasane var først og fremst (kvit) telemarksgeit (finbygd, oftast kolla), dølageit (skimlut gudbrandsdalsgeit), vestlandsgeit (vestlandsk landrase) og nordlandsgeit, og i tillegg noko innslag av saanengeit. Det var ein god del blanding mellom rasane utover 1900-talet. Dei vart ikkje offisielt ihopslegne føre tidlig i 1990-åra, og den norske mjølkegeita varierer enno mykje i størrelse og utsjånad. Både bukkane og geitene kan vera horna eller kolla.