Nordlandsgeit
Nordlandsgeit var ein av dei fire norske geiterasane som (saman med saanengeit) er opphavet til norsk mjølkegeit. Jamt over var nordlandsgeitene relativt like dei blåe og hornute vestlandsgeitene,[1] men det var tydelig lokal variasjon.[2] Typisk levandevekt var 40–45 kg.[1] Misvær fjøsregnskapslag oppgav i 1940 ei årlig middelmjølkmengd på 390 kg og feittprosent på 3 %,[2] medan Skjervold (1962) oppgjev same feittprosent, men middelmjølkmengd på 430 kg.[1] Ei utfordring ved kjeldene er at dei gjerne grupperer geitene meir etter landsdel enn etter type. Såleis skreiv f.eks. Sigurd Trageton (1934): «I Nord-Norge er det mykje geit, men ho er endå meir ueinslaga enn lenger sør. Sume svært små, men og noko større. Målselvdalen hev mykje gode geiter. Lofoten og Vesterålen hev mykje tjoregeit.»[3] At geita i Målselvdalen skilte seg ut kom kanskje av at geitene der trulig var av dølatype?
Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 s. 373 av Ellingsberg, Arne (red.): Husdyrboka. Oslo : Bøndenes forlag, 1962. (e-bok frå NB)
- ↑ 2,0 2,1 s. 418 av Høie, Johs. og Tilrem, Hans: Husdyrlære : ei bok for skole og praksis. Oslo : Grøndahl, 1951. (e-bok på nb.no)
- ↑ Trageton, Sigurd: «Geiter og geitehald». Nationen, publ. 1934.