Nyheim (Fedje gnr 168 bnr 39)
Nyheim er ein bustadeiegedom i Fedje kommune.
Nyheim | |
---|---|
M/S «Alf» (seinare M/S « Bruvåg»), sjå Kongestø) i 1938. Skarvøyna med dei to husa bak. I båten frå venstre: Håkon Sjøvold og Kristian Kristiansen. Foto: Bildesamlingen Universitetet i Bergen (atelier KK) | |
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 39 |
1. Denne tomta på Skarvøyna nordvest for Fedje vart utskilt frå gnr 168 bnr 2 på Kopper i 1921. Skøyte same året frå Ole Bertelsen Koppen for 100 kr til Martinus Rasmussen f. 1856 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15c) d. 1925 g.2.g. m. Johanna Marie Larsd f. 1866 Smørdal, Lygra i Lindås d. 1948 (jf Lygrab. s 411). Ingen born. Martinus budde først på Moldøyna (husmenn 3), og så på Muren (husmenn 2), før han og Johanna flytta huset hit til Skarvøyna i 1921. Dotter til Martinus, Ragna, budde her ei tid med sønene sine, sjå Børhaugen gnr 168 bnr 137-2.
Johanna fekk skøyte på eigedommen ved skiftet etter Martinus i 1927. Ho vart g.2.g. 1927 m. em. Johan Henriksen i Sulo (gnr 169 bnr 51-1) f. 1865 d. 1945. Dei budde her, han var skomakar. Huset her vart selt og flytta til Mastrevikane i Austrheim rett etter krigen.
2. Rasmus Martinussen f. 1900 Moldøyna (husmenn 3i) d. 1979 g. 1924 m. Berta Jørgina Johannesd Årøy f. 1892 Lærdal i Sogn d. 1957 (dotter av Johannes Johannessen f. 1868 og Anna Olsd f. 1869). Rasmus var son til nr 1 her, og familien budde på Skarvøyna då borna vart fødde. Seinare flytta familien til Bergen, es. oppløyst.
Born: a. Gerd Elsy Rasmusd f. 1924 d. 1925. b. Malvin Kåre Muren f. 1926 d. 1996 g. 1956 m. Sonja Furnes f. 1928 d. 2018 Bergen, busette der. c. Arne Johan Martinussen f. 1927 d. 1994, bustad Bergen.
Nyheim (Fedje gnr 168 bnr 39) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Mulevegen 16 (Fedje gnr 168 bnr 534) • Neste bolk: Norheim (Fedje gnr 168 bnr 40) |