Nytun (Fedje gnr 168 bnr 128)

Nytun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

Nytun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 128
Adresse: Sjånesvegen 27

1. Magnus Rognsvåg f. 1927 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17d) d. 2012, bygningsmann og mekanisk arb., g. 1956 m. Bergit Uthaug f. 1930 Midt‑Tangen (gnr 168 bnr 56-1b) d. 2014, bankmedarb. Skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 27 i 1953. Huset vart bygd i 1956. Skøyte 1973 frå Jakob Lunde (Kopper gnr 168 bnr 106) på tilleggsareal bnr 113 (med naust) utskild 1949, og 1980 på bnr 305, begge frådelt gnr 168 bnr 27. Uthus/bod vart bygd i 1995.

Born: a. Magne Bjørn Rognsvåg f. 1958, neste eigar (2). b. Steinar Rognsvåg f. 1961, møbelsnikkar, g. 1993 m. Ingeborg Langeland Nilsen, Bergen f. 1957, busette der. c. Frøydis Rognsvåg f. 1964 g. 1989 m. Kjetil Berg Hansen f. 1965 HerøyHelgeland, har bygd på Svena (gnr 168 bnr 376).

2. Magne Rognsvåg f. 1958 på dette bruket (1a), ingeniør, g. 1998 m. Eli Nilsen f. 1959, bustad Kviteseid i Telemark. Skøyte i 2014. Det er ein fritidseigedom.

Born: a. Ida Bergit Rognsvåg f. 1998. b. Sigrid Rognsvåg f. 2001.


Fedje komm.svg Nytun (Fedje gnr 168 bnr 128) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skotholmevegen 13 (Fedje gnr 168 bnr 93) • Neste bolk: Haga (Fedje gnr 168 bnr 190)