Lundeheim (Fedje gnr 168 bnr 106)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lundeheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 106
Adresse: Kopper 1

Lundeheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Olga Koppen f. 1914 (gnr 168 bnr 4-5h) d. 2009 g. 1937 m. Jakob Konrad Lunde f. 1900 Radøy d. 1976, budde der til 1947 (sjå Radøyb. IV s 257, son av Kristoffer Jakobsen f. 1878 og Elina Marie Andersd f. 1879, ho var søster til Marius Lunde, Hellisøy fyr). Skøyte på tomt frådelt 1948, bnr 105 frå bnr 99, og bnr 106 frå bnr 100, samanføydde same året til felles bnr 106. Jakob var bygningsmann, og sette opp huset her. Familien reiste til Seattle, USA i 1957.

Born: a. Kristoffer Erling Lunde f. 1938 d. 2016, bustad Seattle. b. Larry Lunde f. 1941 d. 1962, bustad Seattle. c. Alfred Johannes Lunde f. 1945, sjå Kopper (gnr 168 bnr 70-3). d. Dagfinn Johan Lunde f. 1949, bustad Seattle. e. Jan Ove Lunde f. 1954, bustad Stanwood i Washington.

2. Herman Pedersen f. 1886 Kopper (gnr 168 bnr 4-4f) d. 1966 g.m. Terja Engebu f. 1884 Birkenes, Aust-Agder d. 1966 (dotter av Osmund Hansen og Turi Eivindsd f. 1853, jf Herefossb. I s 101 og 541). Ingen born. Dei budde i Brooklyn, New York, der Herman var verftsarb. og dykkar. Dei flytta til Fedje i 1948, og budde først hjå Petra og Godfred Gullaksen, Kopper gnr 168 bnr 58-1, og leigde seinare her.


3. Solveig Opsahl f. 1948 Berge (gnr 168 bnr 79-2d), fiskeindustriarb., g. 1966 m. Karstein Andreas Solbakk f. 1946 Øygarden d. 2013, skipsførar. Skøyte her i 1967.

Born: a. Marit Solbakk f. 1966 g. 1985 m. Stig Øien f. 1964 Husøyna (gnr 168 bnr 246-1a), busette der (gnr 168 bnr 351-2). b. Bjørn Kåre Solbakk f. 1969 g. 2013 m. Elin Øien f. 1969 Husøyna (gnr 168 bnr 246-1c), busette der (gnr 168 bnr 322-2). c. Line Solbakk f. 1976, bustad Husøyna gnr 168 bnr 339-4 og sidan gnr 168 bnr 246-2. d. Mariann Solbakk f. 1988 g. 2009 m. Jarle Alvheim f. 1985 Øygarden, busette der på Harkestad.


Fedje komm.svg Lundeheim (Fedje gnr 168 bnr 106) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Midttun (Fedje gnr 168 bnr 89) • Neste bolk: Bakketufta (Fedje gnr 168 bnr 108)