Olav Dannemark
Olav Dannemark (fødd i Sigdal 16.7.1924, død i Gausdal 16.9 2001)[1][2] var lærar og rektor.
Olav Dannemark vart fødd på garden Bergan i nedre Sigdal som foreldra hans, Nils O. Dannemark (1886–1969) og Ingeborg Olsdotter f. Mjøseng (1887–1969) åtte og dreiv frå 1924 til 1951.[3]
Han tok agronomutdanning ved Buskerud landbruksskole 1943–45 og lærareksamen ved Elverum offentlege lærarskule 1953. 1960–61 tok han Statens kurs i landbruksfag for lærarar i den linedelte ungdomsskolen. Han var lærar ved Vestvatn todelte skole 1953–54, Bang todelte skole 1954–59, Myra skole i Gausdal 1959–61 og Gausdal ungdomsskole frå 1961.[4] Han vart rektor ved Olstad skole i Gausdal i 1967 der han var til han gjekk av med pensjon i 1988.[5]
Dannemark var aktiv lokalpolitikar for Kristeleg folkeparti og sat i heradsstyret i Gausdal. Han var også medlem i soknerådet i Vestre Gausdal.
Han gifta seg i 1953 med Judith Ingeborg Olsen (f. 1932) frå Vestvatn i Misvær. Dei hadde tre døtrer og tre søner.
Referansar
- ↑ https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000002819585
- ↑ https://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy
- ↑ Andreas Mørch: Sigdal og Eggedal, bd. 2, 1953, s. 16)
- ↑ Norske skolefolk. B. 1 : [A-J]. Utg. Dreyer. 1966. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ OLAV DANNEMARK 70 ÅR 16. JULI NTBtekst 8. juli 1994