Os kommune (Hordaland)
Os kommune låg i Hordaland, og grensa til Bergen og Samnanger i nord, Fusa i aust, Tysnes i sør og Austevoll i vest. Administrasjonssenteret var Osøyro. 22. juni 2016 vedtok kommunestyra i Os og Fusa at dei to kommunane skulle slå seg saman. Den nye kommunen vart etablert 1. januar 2020 og fekk namnet Bjørnafjorden.
Os kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1243 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Osøyro |
Areal i km²(2020) | 139,56 km² |
Folketall 2020 | 20573 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
Delt i | 1856: Fusa utskild. 1906: Samnanger utskild. |
Nå del av | Bjørnafjorden kommune |
Målform | Nynorsk |
Kommunen hadde variert industri, særlig verkstad-, trevare- og næringsmiddelindustri. I jordbruket fann ein særleg mjølkeproduksjon og hagebruk.
Terje Søviknes frå Framstegspartiet var ordførar i 20 år, frå 1999 til 2019.
Kjelder og litteratur
Eksterne lenkjer
- Bergens Tidende på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)