Parktun (Fedje gnr 168 bnr 138)
Parktun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Parktun | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 138 |
Adresse: | Rognsvågen 1 |
1. Karstein Storemark f. 1931 Husa (gnr 168 bnr 10-8i) d. 2023, fiskar, losbåtførar, g. 1953 m. Margaret Gullaksen f. 1931 frå Kopper (gnr 168 bnr 58-1b) d. 2023, telefonekspeditør, arb. Bjelland. Skøyte 1955 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 10 same året. Huset vart bygd i 1957.
Born: a. Kurt Magnar Storemark f. 1954, snikkarformann, g. 1977 m. Kjersti Haugen f. 1954 Fusa, legesekretær, bustad Os, Bjørnafjorden kommune. b. Geir Ove Storemark f. 1956 g. 1977 m. Kathe Duesund f. 1957 Mulen (gnr 169 bnr 79-1c, sjå meir der), bustad Fana i Bergen. c. Mons Gustav Storemark f. 1966 d. 1995, elektrikar, samb.m. Tone Hella f. 1967 Hilland i Alversund, Lindås, produksjonsarb., bustad Alversund i Lindås, Alver kommune (jf Alversundb. II s 614).
Parktun (Fedje gnr 168 bnr 138) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Myrheim (Fedje gnr 168 bnr 131) • Neste bolk: Vestbakk (Fedje gnr 168 bnr 144) |