Berglund (Fedje gnr 169 bnr 79)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berglund
S389.169.79.CD 07 018.jpg
Mulen bnr 79 om lag 1960, bak ligg det nye huset på bnr 16.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 79
Adresse: Mulevegen 170

Berglund er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Alf Duesund f. 1926 Sulo (gnr 169 bnr 27-5a) d. 2007 g. 1949 m. Dortea Øen f. 1927 Fjaler, Sunnfjord (sjå Fjalerb. II s 290). Dette er det opphavlege huset på gnr 169 bnr 16, frådelt og skøytt til Alf i 1955. Dei budde tidlegare i Sulo gnr 169 bnr 35-2. Skøyte 1978 på tilleggsareal bnr 111. Alf var sjømann/ferjematros, og Dortea arb. på Bjelland i 25 år. Ho flytta til sjukeheimen.

Born: a. Knut Henning Duesund f. 1950 g. 1975 m. Grethe-Marie Trovi frå Langesund, Telemark f. 1953 Åfjord, Sør-Trøndelag, bustad Notodden. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 52-3. b. Geir Ragnvald Duesund f. 1951, bustad Os, g.l.g. 1971 m. Berit Kristoffersen f. 1951 Kvinnherad, es. oppløyst, g.2.g. 1994 m. Christina Åkvåg f. 1969 Bergen, flytta til Askøy. Sjå òg Sulo gnr 169 bnr 69-4. c. Kathe Beate Duesund f. 1957, neste eigar (2). d. Anita Dagrunn Duesund f. 1960 g. 1978 m. Rune Uthaug f. 1953 (gnr 168 bnr 67-2f), sjå Husøyna (gnr 167 bnr 12) og Kopper (gnr 168 bnr 146-2).

2. Kathe Duesund f. 1957 på dette bruket (1c), oftalmolog(øyenlege)assistent, g. 1977 m. Geir Storemark f. 1956 Svena (gnr 168 bnr 138-lb), vert kalla Boa, ingeniør, bustad Fana i Bergen. Skøyte i 1997. Dei flytta sidan hit. Skøyte 2018 på tilleggstomt bnr 211 frådelt gnr 169 bnr 16 i 2017. Nytt hus vart bygd i 2019.

Born: a. Katharina Storemark f. 1978, cand.mag./dagleg leiar, g. 2007 m. Geir Arne Månum f. 1971 Fagernes, Nord-Aurdal i Valdres, lærar, bustad Longyearbyen, Svalbard, seinare Voss. Ekteskapet oppløyst 2020. b. Marita Duesund Storemark f. 1981, optikar, samb. 2018 m. Johan Storetvedt f. 1977 Bergen, økonom, busette der.


Fedje komm.svg Berglund (Fedje gnr 169 bnr 79) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Strandberg (Fedje gnr 169 bnr 38) • Neste bolk: Muleide (Fedje gnr 169 bnr 7)