Pollfoss hotell

Pollfoss hotell og gjestehus ligg i Skjåk kommune, i Billingsdalen ved riksveg 15. Hotellet vart bygt i 1897 rett ved den spektakulære Pollfossen i Ottaelva, i skogterreng ved starten av fjellovergangen til Stryn (Nordfjord) og Geiranger (Sunnmøre). Før hotellet kom, var det skysstasjon der i nokre år.

Pollfoss hotell i september 2012. Fjelltoppen Framrusthovden i bakgrunnen.
Foto: Kristian Hosar

Marknadsgrunnlaget har gjennomgåande vore turisttrafikken. Behovet og moglegheitene for hotelldrift kom med køyrevegane over fjellet på slutten av 1800-talet, Grotli-Geiranger (opna 1889) og Grotli-Stryn (1894). Særleg i dei fyrste tiåra var hotellet også søkt av helserekonvalesentar. Det tørre klimaet i Skjåk er godt for folk med luftvegsplager, og dessutan meinte ein at det skulle vere helsebot i det høge ozoninnhaldet i lufta ved Pollfoss.

Hotellet har i dag (2013) 26 gjesterom. I det meste av si historie har det vore drive på sesongbasis sommarstid og i påska.

Skysstasjon

 
Pollfossen ca. 1900. Personen på biletet er truleg hotelleigar Chr. A. Hjelter. Foto: Ukjent.

I 1890 inngjekk gardbrukaren Chr. A. Hjelter kontrakt med staten om å halde skysstasjon og gjestgiveri ved Pollfossen i juli og august månad kvart år. Han hadde opna staden for overnattingsgjester året før. Den nye skysstasjonen kom i staden for Pollmoen like i nærleiken, som til da hadde vore nytta som mellomstasjon mellom Lindsheim nede i bygda og Grotli oppe på høgfjellet.

Etter kontrakten frå 1890 skulle det haldast fire faste hestar med tilgjengelege skyssgutar, og stasjonshaldaren skulle syte for godt losji til dei reisande. Kontraktstida var eitt år om gongen, og båe partar hadde oppseiingsfrist på seks månader. Samla offentleg driftstilskot var på 400 kroner årleg.

Eigarar og drift fram til andre verdskrigen

 
Pollfoss hotell ca. 1905. Bjørnstjerne Bjørnson ved inngangen. Foto: Ukjent.
 
Pollfoss hotell ca. 1910. Foto: Ukjent.
 
Frå Pollfoss ca. 1905. Vertinna Magnhild Hjelter nr. to frå venstre. Jentungen til venstre er truleg dottera Kristine, som saman med mannen Robert Bøye overtok hotellet i 1929. Foto: Ukjent.

Hjelter satsa vidare og reiste ein ny, stor hotellbygnad som stod ferdig i 1897. Han var ein verdensvant herre med eit stort nettverk, mellom anna som medlem i Den Norske Turistforening. Han var politisk aktiv, og hadde vore ordførar i bygda.

Hjelter fekk gratis tømmer frå Skjåk Almenning for å byggje ein stall til åtte-ti hestar, mot at bygdefolk på skogsarbeid om vinteren fekk fritt losji og stallrom der.

Skogsdrifta i Billingsdalen har også elles til tider hatt økonomisk betydning for hotellverksemda. Det gjaldt særleg under store tømmerdrifter under og rett etter fyrste verdskrigen. I 1920 var det over 100 tømmerhoggarar i Billingsdalen, ein god del av dei innlosjerte på hotellet, og nå ikkje lenger under skysstasjonavtalen om gratis losji. Med bakgrunn i denne trafikken vart det opna utsal av forbruksvarer på Pollfoss i 1916, i regi av provianteringsrådet.

Chr. A. Hjelter døydde i 1926. Allereie før den hadde dottera Kristine og svigersonen Robert Bøye stått for den daglege drifta. I 1929 overdrog Magnhild Hjelter eigedomsretten til Kristine og Robert. Dei fekk kjøpt tomta, som til da hadde vore festetomt, av Skjåk Almenning. Drifta gjekk ikkje så bra for dei, og verksemda gjekk konkurs to år seinare. Kristine og Robert Bøye byrja da som bureisarar på eit bruk dei kalla Glitne, i skogen litt bortafor Pollfoss, på andre sida av elva.

Hotellet vart kjøpt av Olav Øygard, som i likskap med Chr. A. Hjelter var gardbrukar og lokalpolitikar i Skjåk. Dotter til Øygard hugsar frå barndomen at dei heldt hotellet oppe mest berre om somrane. Dei hadde nok også litt påsketrafikk, men kapasiteten vart begrensa mellom anna fordi det ikkje var installert omnar på alle romma.

I 1938 eller 1939 vart det gjort opptak til Tancred Ibsens film Gjest Baardsen på Pollfoss. Det var dramatiske fluktscener som vart filma i Pollfossen nedanfor hotellet.

Både i mellomkrigstida og seinare budde det kjende kunstnarar ein eller fleire somrar på Pollfoss. Både den verdskjende målaren Kurt Schwitters og sonen, fotograf Ernst Schwitters, har fleire motiv frå omgivnadene her. Det same gjeld Willi Midelfart og andre.

Familien Øygard dreiv Pollfoss til 1941, da hotellet gjekk konkurs på nytt. Kjøpar vart nå Per Hosar, også han frå den same bygda.

Tungvint drift under krigen

 
Pollfossen sommaren 1940. Til venstre i biletet: generalløytnant Richard Pellengahr, leiar for det tyske felttoget gjennom Gudbrandsdalen og Østerdalen. Foto: Ukjent.

Aase Hosar, som gifta seg med Per Hosar og flytta til Pollfoss i 1943, fortel i livsminna sine om heller tungvinte forhold på hotellet på den tida. Fram til 1953 budde familien der året rundt. Dei fyrste åra var det ikkje straum, og vinterstid var det heller ikkje springvatn. Oppvarming gjekk greitt med vedomnar, men det var verre med ljos. Under krigen fekk dei veldig lite parafin til dei mange lampene som skulle til, og stearinljos var slett ikkje å oppdrive.

Både under og rett etter krigen vart det ekstra trafikk ved hotellet på grunn av kraftutbygginga og damanlegget i Rauddalen.

I mai 1945 vart Pollfoss i nokre veker brukt som interneringsleir for arresterte NS-folk i Skjåk, med det lokale Milorg som vaktmannskap.

Straum og lettare tilhøve

Etter krigen skaffa hotellet seg fyrst eit bensinaggregat til ljos. I 1949 overtok dei eit kraftverk frå Grotli og installerte det nede i Pollfossen. Det gav 36 kilowatt likestraum, og forsynte hotellet og dei to naboane Pollmoen og Glitne. På hotellet heldt den private kraftproduksjonen til ljos, oppvask- og klesvaskemaskin, og ikkje minst kjølerom. Denne ordninga greide seg til midt på 1960-talet, da Skjåk kraftverk førde straumen fram frå bygda til Pollfoss og Grotli.

 
Pollfoss hotell ca. 1950. Foto: Ukjent.

Hosar moderniserte bygningen i monaleg grad, mellom anna ved å bordkle dei gamle plankeveggane og byggje inn verandaen i fyrste etasjen. Den opphavlege sveitserstilen med verandaer og forsiringar vart teke bort. Det vart tidleg (under krigen?) installert vassklosett og badekar i gjestefløya, men ikkje på kvart enkelt rom. Ein var iallfall i påska framleis avhengig av ein svær utedo nede i garden, og værelsesjentene forsynte gjestane med varmt vaskevatn i mugger på servantane på romma. Etablissementet hadde ikkje den standard og komfort som kravdest for å få status som hotell, og heitte da også Pollfoss turistheim i denne tida.

Turistheimen hadde skjenkjerett for øl og vin, men kommunale føresegner om dette diskriminerte bygdefolket, ved at dei ikkje fekk kjøpe vin der, og det var spiseplikt om ein hadde lyst på øl.

Intens sesongdrift i 1950-åra

Frå 1954 budde eigarfamilien nede i bygda vinterstid, og flytta opp på hotellet kvar sommar- og påskesesong. Med leigd lastebil, og dei siste åra med ein eigen innkjøpt varebil, ei stor tidlegare ambulanse, vart familien med mykje utstyr, mat, høner, hund og katt og ”jenter” (arbeidshjelp) frakta strekninga mellom bygda og hotellet fire gonger i året. Skogsarbeidaren Hans Marius Grimstadmo budde i «nere stugu» (privatbustaden til hotellvertskapet) og var vaktmeister om vinteren.

Det høyrde fjøs til hotellet, som heldt dei sjølvberga iallfall med mjølk og egg.

Personalet var mest jenter og koner frå Skjåk. Somme var faste, som kokka Borghild Aaboen, kjøkenhjelp Margit Roen og kjøkenhjelp, bakstar og altmoglegdame Tea Gjerdet. Elles var det unge jenter frå bygda.

Mange av gjestane på sommarstid var utlendingar. Det var mellom anna mange franskmenn som dreiv sportsfiske, det kunne vere britiske ungdomar på sykkeltur, og etter kvart også ein del norske og utanlandske familiar på tur med eigen bil. Det vart opparbeidd ein enkel campingplass i tilknytning til hotellet.

Ein sommar heilt på slutten av 1950-talet hadde hotellet vitjing av tyske/austerikske filmfolk under innspelinga av Og bakom synger skogene (Und ewig singen die Wälder). Gamle Dag Bjørndal frå Trygve Gulbranssens roman vart spela av den tyske skodespelaren Gert Froebe, seinare mest kjend som Goldfinger i ein av dei tidlege James Bond-filmane.

Elles var det eit betydeleg innslag av faste gjestar som kom att til Pollfoss i feriane år etter år.

I påska hadde hotellet i mange år fast avtale med Norsk Folkeferie, som tinga rom for ei busslast med oslofolk. Kaare Andersen var fast reiseleiar. Eitt høgdepunkt i påskesesongen var når soknepresten heldt langfredagsandakt. Eit festlegare høgdepunkt var påskeaftan med kostymerenn på føremiddagen og danseball om kvelden. Dei som i alle år stod for musikken, var Finn Morterud frå Eidsvoll (trekkspel) – mangeårig påskegjest på Øybergsetra litt lenger vest - og Bjarne Klepp frå Skjåk (gitar), med litt varierande supplement av andre musikarar.

Familien Yri

I 1959 selde Hosar hotellet til Willy Yri, som frå før av dreiv Yris hotellNordfjordeid. Hosar dreiv også påske- og sommarsesongen i 1960 på vegne av den nye eigaren. Det vart nå i nokre år ein eigen tilsett bestyrar, Oscar (?) Lunde, inntil Sivert Yri, son av eigaren, overtok drifta.

I Yris og Lundes tid vart det gjort ein god del ombygging, utviding og modernisering av hotellet. Betre straumtilførsel kom i 1964, og det vart gjort mykje med installering av sanitæranlegg med meir.

Det var lagt opp til meir opplevingsferiar for familiar, blant anna med rideponniar og ymse andre dyr til underhaldning for borna, i tillegg til dei ”gamle” friluftstilboda med aurefiske og turterreng i skogen og til fjells.

Fleire av dei tidlegare tilsette heldt fram under dei nye eigarane.

Same eigar i meir enn 30 år

 
Nye soveromsfløyer påbygd i Moen Salbergs eigartid. Biletet teke frå gamlevegen, september 2012. Foto:Kristian Hosar.

Jorunn og Gunnar Moen Salberg kjøpte Pollfoss av Yri i 1974. Denne nye familien skulle bli dei som har ått og drive hotellet i lengst tid, i over 30 år.

Etter få år der fekk dei føremonen av den nye heilårsvegen Skjåk-Stryn, som vart offisielt opna i 1978. Dette gav grunnlag for ei viss drift også utanom sommar- og påskesesongane.

Det er i løpet av Moen Salbergs eigartid at hotellet har fått sin nåverande utsjånad, innvendig og utvendig, Det er mellom anna påbygd ein ny soveromsfløy (1986) og føreteke gjennomgripande endringar innvendig, ikkje minst heilt ny kjøkenavdeling og kafeteria i 1989-90. Også etter det har det vore gjort endringar og utbyggingar.

Nederlandsk vertskap

Moen Salberg satsa ein god del på bussreiseselskap, ikkje minst nederlandske gjestar. Så vart det også eit nederlandsk ektepar som overtok Pollfoss da Moen Salberg bestemte seg for å gje seg med hotellverksemda. Eigarskiftet skjedde hausten 2007.

Dei nye eigarane, Bertus og Hendrika van Harten, har naturleg nok halde fram med å motta reiseselskap frå heimlandet. Men dei har også satsa på heilårsdrift, mellom anna basert på restaurantdrift og selskapsarrangement for den lokale marknaden.

Galleri: Eigarar

Galleri: Bygningar og omgivnader

Kjelder og litteratur

  • Gudbrandsdølen 10.10.1916 (om vareutsalet på Pollfoss).
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd. 3 Historia 1798-1914, Skjåk kommune 1998. (Side 325-333.)
  • Hosar, Kristian: Strynefjellsvegen 100 år. Utgjeve av Statens vegvesen i Oppland og Sogn og Fjordane, 1994.
  • Hosar, Aase: Mine livsminner, 2002, distribuert til familie, slekt og vener.
  • Munnlege opplysningar frå:
  • Aase Hosar, Skjåk (f. 1919, tidlegare vert på Pollfoss)
  • Kristian Hosar (f. 1945, son av Per og Aase Hosar)
  • Jon Lien, Skjåk (frå Pollmoen)
  • Anna Nordmo, Sarpsborg, (dotter til Olav Øygard) samtale med Hans P. Hosar 9.2.2010.


Koordinater: 61.95977° N 7.89753° Ø