Rodorry (Tresfjord 1946)
Ro-dorry, ro-snurpebåt eller not-dorryen var bestilt av notbruket “Utrøst” ved Johs. J. Bjelkarøy som en av to not-dorryar hos Martin Kjøpstad & brødres Baatbyggeri i Tresfjorden. Dei fekk berre tak i ein motor, så det vart bygd og levert ein ro-dorry og ein motordorry. I 1947 fekk dei tak i ein motor til og ein ny motordorry vart bygd. Ro-dorryen vart lagra i not-bua som reservebåt og var derfor i bruk berre eit år. I 2011 overtok Opsangervågen kystlag båten, då var båten i god stand. Notdorryen fekk i 2012 pris på Hardanger Trebåtfestival som den mest originale fiskebåt frå ein svunnen tid.
| Rodorry (Tresfjord 1946) | |
|---|---|
| Registeringsnummer | H 20 FA |
| Båttype | Dorry |
| Byggeteknikk | Klink |
| Materiale | Tre, furu og eik |
| Lengde | 30 fot |
| Antall bordganger: | 11 |
| Antall årepar | 4 |
| Byggeår | 1946 |
| Båtbygger: | Martin Kjøpstad & brødres Baatbyggeri |
| Framdriftsmidler: | Årer |
| Kommune | Kvinnherad kommune |
| Lagstilhørighet: | Opsangervågen kystlag |