Roybo (Bykle gnr 17/61)

Roybo i Trydal ligg ved bygdevegen like forbi bedehuset i Trydal og rett nedanfor Strandehagen, bnr 9. Tomta gjekk ut frå bnr 9, og vart matrikulert i 1997, etter at Leif Trydal hadde kaupt henne hjå Solveig Torstveit nokre år tidlegare, for så i sin tur å overdraga henne til broren Roy, som sette opp hus her i 1996. Leif og Roy er sønene åt Eivind O. Trydal og kona, Ingfrid Nelly.

  • Roy Olav Trydal, f 1959
Roybo
Trydal 88.jpg
Roybo 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1996
Utskilt: 1997
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 61
Type: Bustadeigedom
g m Bente Lill Pedersen, f 1966. Born:
  • Sara, f 2002

Bente Lill er frå Rykene ved Arendal, og dotter åt Ingrid og Gottfred Pedersen.

Roy Olav er sjømann av yrke, medan Bente arbeider som frisør.


0941 Bykle komm.png Roybo (Bykle gnr 17/61) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solhaug • Neste bolk: Strandestøyl