Rysstad
Rysstad er ei bygd i Valle kommune i Aust-Agder. Frå 1873 til 1962 var bygda kommunesenter for Hylestad kommune. Hylestad kyrkje står på Rysstad.
Setesdalsmuseet har ein av sine lokasjoner og sitt administrasjonssenter her og på same staden er Agder Folkemusikkarkiv lokalisera.
I bygda ligg og Sølvgarden Hotell og Feriesenter med overnattingstilbod og sylvsmedverkstad, og andre verksemder som til dømes Nomeland anlegg og Uppstad Transport og Anlegg (UTA).