Samson Sande
Samson Sande (født 1866) var lærar i Hyen i Gloppen kommune. Han var gift med Ane Bertelsdatter Mjellem (født 1876). Samson arbeidde som lærar i Hyen frå 1895-1936. I 1914 kjøpte han seg ein gard på Fitje i Gloppen og familien budde der medan han heldt fram som lærar i Gjengedal krins.
Utdanning
Han tok utdanninga si på Stord lærerskole i 1891.
Yrkesliv
Samson var virka som lærar i fleire krinsar i Hyen men arbeidde lengst i Gjengedal krins frå 1895-1936. Etter at det første skulehuset ikrinsen vart sett opp i 1899 budde han i eine delen av skulehuset, medan ei av stovene i huset fungerte som klasserom.
Kjelder og litteratur
- Samtale med Anna Sigbjørg Holme (barnebarn av Samson Sande)
- Samson Sande i Historisk befolkningsregister