Sandal krins (Jølster)

Sandal krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Undervisning i Sandal høyrer ein først om i protokollane frå 1835. På dette tidspunktet var ikkje Sandal ein eigen krins, men del av den gamle rodeordninga. Sandal tilhøyrde rode 1, og omfatta gardane: Sandal, Tohaug, Årnes, Strand, Hammar og Kjelsnes. Det var heller ikkje eit eige skulehus, så undervisninga blei halde i private husstandar som ein del av omgangsskulen.

Det er fyrst etter 1860 at Sandal trulig blei ein eigen krins. Dette var ein to-delt skule: småskule og storskule. I perioden 1878 – 1914 var det i gjennomsnitt 24 elevar kvart år. Mens i perioden 1938-1964 var det i gjennomsnitt 20 elevar i året. Fram mot 1964 var det kontinuerlig nedgang i elevtalet.

I 1947 blei Myklebust krins slått saman med Sandal.

Sandal krins blei nedlagt og slått saman med den nye sentralskulen på Vassenden i 1968. Dette var i samband med ei omfattande krinsregulering, som hadde blitt vedteke i 1960. Krinsane: Eikås, Gjesdal, Ålhus og Sandal vart samla til ei skule på Vassenden.

Skulehus

I Sandal blei det fyrste skulehuset bygt på byrja av 1890-talet. Eit nytt skulehus blei bygt i 1940. Det gamle skulehuset blei flytta til Kjøsnesfjorden krins

Skulehuset frå 1940, ein raud bygning med kvit grunnmur, står framleis ved fylkesveg 451, på sørsida av Jølstravatnet.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
O.J. Møkelbust Sandal 1836 1840?
Ole Christensen Sandal 1855 1858?
Daniel Olsen Sandal 1859 1860?
Anton Eliasson Fond 1866 Sandal 1894 1916 Stord 1887 Fond fortsatte som lærar i Myklebust
Andreas Hamar 1892 Sandal 1916 1920 Volda 1914
Kristian Eikås 1899 Sandal 1921 1945 Volda 1921 Styrar ved Heimeyrkeskulen i Jølster frå 1945[1]
Kåre Aasen 1920 Sandal 1946 1961 Volda 1942
Hidvald Klakegg Sandal 1961 1962
Svein Helgheim Sandal 1962 1963
Ole Lefdal Sandal 1963 1964

Foto

Fotnotar

  1. Attersyn. Utg. [Skulen]. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Sandal og Myklebust 1894-1904
  • Dagbok for Myklebust og Sandal 1906-1947
  • Dagbok for Sandal 1938-1964
  • Karakterprotokoll for Gjesdal, Myklebust og Sandal 1833-1860
  • Karakterprotokoll for Sandal og Myklebust 1878-1893
  • Karakterprotokoll for Sandal og Myklebust 1894-1906
  • Karakterprotokoll for Myklebust og Sandal 1907-1947
  • Karakterprotokoll for Sandal 1917-1964

Koordinater: 61.51167° N 6.26991° Ø