Skjelanger fyrstasjon

Skjelanger fyrstasjonHolsnøy, Meland i noverande Alver kommune, vart oppretta i 1853 som leiefyr i samband med Hellisøy fyrstasjon. Fyrbygningen var lafta og målte 10 x 8 meter. I tillegg blei det satt opp eit uthus med fjøs og plass til ved. Om lag 175 meter nord for fyret var det ein bra hamn og der blei det satt opp eit naust. Fyrstasjonen var bemanna med ein fyrvaktar og ein assistent. Fyrvaktaren budde på fyrstasjonen, medan ein av dei lokale bøndene eller husmennene hadde jobben som assistent. Fyrstasjonen var i drift som bemanna fyr fram til 1963, då han vart erstatta av ei acetylen fyrlykt (Dalén).

Skjelanger fyrstasjon
Oppretta: 1853
Status: Nedlagt og erstattet av fyrlykt 1963
Funksjon: Leifyr
Fylke: Vestland
Kommune: Alver kommune

Holsnøy Kystlag

Frå våren 2013 disponerer Holsnøy kystlag sjøhuset/naustet tilhøyrande det nedlagte fyret, og dette er den einaste bygningen som står igjen i dag. Sjøhuset et eit byggverk med tykke vegger i tørrmur, og et tak belagt med gamal takpanner frå tidleg 1850-talet, truleg frå Trøndelag. I Forbundet KYSTENs kampanjen Adopter et kystkulturminne har kystlaget har valt å adoptert fyrstasjon. Kystlaget har utarbeidet vedlikehaldsplan for sjøhus og planer for vidareutvikling av området rundt Skjelanger fyrstasjon.

Kilder

  • Eli J. Ellingsve: Finn et fyr, Tapir Akademisk forlag, 2009
  • Kystverket: Landsverneplan for maritime kulturminner, 2009 (pdf)
  • Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven: Norges fyr. Grøndahl & Søn, Oslo 1986-1987
  • Informasjonens skriv fra Holsnøy Kystlag til Forbundet KYSTEN, 2013 og 2014.

Se også

Koordinater: 60.610961° N 4.947700° Ø