Skotholmevegen 24 (Fedje gnr 170 bnr 46)
Skotholmevegen 24 er ein fritidseigedom i Fedje kommune.
Skotholmevegen 24 | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 170 |
Bnr: | 46 |
Adresse: | Skotholmevegen 24 |
1. Anny Moldøy f. 1937 (gnr 170 bnr 2-23b) d. 1993 g. 1957 m. Ole Martin Sunde f. 1934 Kvinnherad d. 2019, busette der. Skøyte 1989 på tomt frådelt gnr 170 bnr 3 same året. Hytta vart bygd i 1992. Den er påbygd.
Born: a. Torhild Sunde f. 1963 g. 1991 m. Jean Pierre Cascales f. Chabeuil i Frankrike, busette der. b. Annlaug Oddrun Sunde f. 1958 g.1.g. 1981 m. Oddbjørn Breland f. 1957 Åseral, es. oppløyst, g.2.g. 1988 m. Thomas Bragdø f. 1958 Mandal, alle busette der. c. Torkel Sunde f. 1967, bustad Sunde i Kvinnherad, var samb.m. Ann Renate Hansen f. 1980 Husnes i Kvinnherad, busett der, samb.m. Wai Pansanthia f. 1970 Rayong i Thailand.
2. Reinhardt Husa f. 1930 (gnr 168 bnr 7-18f) g. 1954 m. Tordis Riskedal f. 1932 Hjelmeland i Ryfylke, bustad Sandnes. Skøyte her i 1995.
3. Gudrun Johanne Ophaug f. 1964 Svena (gnr 168 bnr 121-1e), barnehagelærar, g. 1992 m. Nils Helge Boge f. 1962 Fusa (jf Fusab. II s 137), ingeniør, construction & commission manager, busette der på Boga. Skøyte i 2004.
Born, alle bustad Bergen: a. Stina Iren Ophaug Boge f. 1984, communication & marketing manager (far Truls Inge Johansen f. 1965, bustad Oslo), samb. 2016 m. Kjartan Ringseth f. 1986 Bergen, planning & logistics manager. b. Åsmund Ophaug Boge f. 1990, mekanikar. c. Bjørnar Ophaug Boge f. 1992, arealplanleggjar, samb. 2016 m. Silje Helene Johnsen f. 1994 Moss, business analyst.
Skotholmevegen 24 (Fedje gnr 170 bnr 46) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Skotholmevegen 40 (Fedje gnr 170 bnr 39) • Neste bolk: Skotholmevegen 35 (Fedje gnr 170 bnr 47) |