Solvoll (Fedje gnr 168 bnr 160)

Solvoll er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Solvoll
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 160
Adresse: Stormarkvegen 30

1. Anna Stuberg f. 1903 (gnr 168 bnr 19-20c) d. 1997 g. 1922 m. Karl Sjøvold f. 1895 Kjerringøy, Bodø d. 1979 fekk skøyte 1958 på tomt frådelt gnr 168 bnr 112 same året, og sette opp hus her. Dei budde tidlegare på Stuberg gnr 168 bnr 43-1, der familien er ført. Sonen Håkon Sjøvold f. 1923 d. 2003, bustad Kopper (gnr 168 bnr 112-2), fekk skøyte her i 1978.

2.Evelyn f. 1962 g.m. Ragnar Evensen f. 1959, bustad Bergen, fekk skøyte i 1997, og brukte huset som fritidsbustad.

3. Willy Opsahl f. 1971 Berge (gnr 168 bnr 79-3a), styrmann/losbåtførar, g.m. Sharifa f. 1973 Tobago i Trinidad og Tobago, vert kalla Debbie, kjøkkenassistent. Skøyte i 2005.

Born: a. Sofie Opsahl f. 2010. b. Sebastian Opsahl f. 2012.


Fedje komm.svg Solvoll (Fedje gnr 168 bnr 160) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Frydenlund (Fedje gnr 168 bnr 146) • Neste bolk: Kåretun (Fedje gnr 168 bnr 179)