Strondi (Bykle gnr 17/55)
Strondi i Trydal ligg ved sidan av og har namn etter bnr 5, Strondi, men tomta gjekk ut frå Storstein. Det var Ola Birger Trydal og kona hans som bygde seg ein heim her i 1984. Ola Birger er son til Knut O. Trydal i Strondi og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hagen.
- Ola Birger Trydal, f 1960
Strondi | |
---|---|
Huset til Ola Birger og Astrid Trydal 1.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1984 |
Stad: | Trydal |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 17 |
Bnr: | 55 |
Type: | Bustadeigedom |
- g 1984 m Astrid Adele Jensen, f 1961. Born:
- May Britt, f 1984
- Ken Roger, f 1993
Ola Birger driv bygningsfirmaet Bykle Bygg saman med Birger N. Trydal på Solhaug, bnr 57. Astri Adele er frå Arendal. Ho arbeider med reinhald for Bykle kommune.
Strondi (Bykle gnr 17/55) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |